Go Norsk Friluftsliv to main content
05. sep. 2025

Sjønær Festival - Festivalen over og under havet

Mer informasjon
Plakat 2025
Icon Tid
Icon Arrangør
Herøy Dykkerklubb
Icon Kontaktperson
SJØNÆR er ein inkluderande festival på Runde som feirar havet gjennom aktivitetar, kultur og naturglede for alle aldrar – med fokus på fellesskap, miljø og opplevingar i, på og ved sjøen.

SJØNÆR er ein inkluderande, frivilligdriven festival som blir arrangert på den vakre øya Runde på Sunnmørskysten. Festivalen såg dagens lys i 2022 og går no inn i sitt fjerde år. Målet er å feire, utfordre og skape glede rundt livet ved havet – gjennom aktivitetar, naturformidling, matopplevingar og kulturprogram for både store og små. SJØNÆR har raskt vorte eit samlingspunkt for menneske frå både nærmiljøet og tilreisande som ønskjer ei ekte oppleving i spektakulære omgjevnader, med havet som ramme og drivkraft.

Festivalen har som visjon å skape ei sterkare tilknyting til havet og naturen – både fysisk og emosjonelt. Ved å tilby lavterskel vassaktivitetar som fridykking, kajakkpadling, SUP og fjøresafari, legg vi til rette for meistring og oppdaging i naturen, på deltakarane sine eigne premiss. I tillegg byr vi på kulturinnslag, kunstutstillingar, samtalar og lokalmat – alt forankra i ei oppleving av samhald og respekt for naturen.

Søndagsmoro, eller "Sunday Funday", er eit viktig høgdepunkt i festivalprogrammet. Her får born, ungdom og familiar delta i gratis aktivitetar og nyte måltid saman, i trygge og inkluderande ramar. Dette arrangementet har lågast mogleg terskel, og har som formål å styrke både helse og fellesskap – og å skape minner som varer.

Festivalen skjer i tett samarbeid med lokale aktørar, lag og frivillige – som mellom anna Opplev Runde AS, Njord Freediver, Herøy Dykkerklubb, Herøy Kajakklubb og Naturbruk-linja på Herøy vidaregåande. Saman skaper vi ei levande festivaloppleving, med fokus på bærekraft, engasjement og medmenneskelegheit.

SJØNÆR handlar om å kome tettare på havet – både fysisk og følelsesmessig. Om å lære, leike og leve – saman.

Icon Oppmøtested
Sted for arrangementet er Runde Miljøsenter. Tilkomst med bil eller buss, parkering på stedet. Overnatting og meir info her: https://www.xn--sjnr-xoa0i.no/om-sjonar/