Go Norsk Friluftsliv to main content
09. Mar 2026

Skitur Tansberg eller Saur

Mer informasjon
Skitur Tansberg eller Saur
IconSted
Nord-Aurdal
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
DNT Valdres
Icon Kontaktperson

Opplev idylliske Saur eller vakre Tansberg, Dette er skituren for deg som ønskjer å oppleva vinternaturen i det idylliske området Saur eller naturen ved Tansbergfjorden.

Skituren Tansberg -  Saur blei planlagt før jul 2025. No har vi funne det rett å gjera turen kortare slik at vi enten går gjennom Saur eller rundt Tansbergfjorden alt etter ver og løype.  Er det god nok løype mot Saur, og veret tillet det, går vi den runden.    

Uansett startar vi på parkeringsplassen på Liaåsen ovom stølsgrenda Lie i Øystre Slidre. Der frå er det kort veg til oppkøyrde skispor.  

  1. Går vi Saurrunden, følgjer vi skitraseen 3 km austover og tar nordover i første løypekrysset. Etter eit lite stykke frå løypekrysset byrjar ei kort og ikkje for bratt oppstigning. No kjem vi inn i uberørt natur, kanskje det finaste skiområdet i denne delen av Øystre Slidre. Her er det utsikt mot Mellane, Langsua og mot Jotunheimen. Etter ein frisk, men kort utforbakke er vi inne i hjartet av Saur der mange fiskar i fiskevatna der om sommaren. Her var det eit flyslepp under siste verdskrigen. Etter ca. 1 km. kjem vi ned til gapahuken ved innsjøen Kjølen. Her har vi ein lengre matpause. Etter pausen følgjer vi same løypa i slak motbakke opp til krysset mot stølsgrenda Rabalen. Vi følgjer så løypa i slakt terreng opp på Kjølafjellet og der frå er det for det meste slak utforbakke tilbake til Liaåsen. Denne runden er ca 15 km.
  2.  Går vi Tansbergrunden, følgjer vi traseen sørover i slak utforbakke og lett terreng, 4 km til krysset ved Vingaråsen. Der frå går løypa i svake stigningar til toppen av Bjødnhøvdvegen. I klart ver er det utsikt mot Jotunheimen. Etter ein ikkje altfor frisk utforbakke kryssar vi utløpet av Tansbergfjorden og går i lett terreng til gapahuken på Tansberg. Her har vi ein lengre matpause. Etter pausen følgjer vi løypa 5 km vidare nord- og vestover til Liaåsen og bilane. Denne runden er ca. 17 km.

Du må vera i rimeleg god form slik at du greier å gjennomføra ein så lang tur. Uansett er det meste av turen i ope lende, så du må kle deg for ein lang dag i fjellet. Ha med ekstra klede som vottar, lue og kledsskift dersom du blir kald. Ta med sitjeunderlag og rikeleg med mat og varm drikke.

Turleder 1

Bjørn Vegard Johnsen

48142002

bjorn.vegard.johnsen@gamail.com

Turleder 2

Ester Christensen

 

 


Du går på eige ansvar, men vi turleiarar skal gjera turen så trygg som mogeleg.

Turen kan bli avlyst, utsett eller endra dersom veret blir for vanskeleg.

Frå Fagernes reiser vi nordover Fv 51 og tar av mot Melbybråten. Derfrå følgjer vi skilta veg til Ås, passerer bommen (bomavgift 70 kr.) og reiser gjennom stølsgrendene Heimstølen og Lie og parkerer oppe på Liaåsen.

Påmelding digitalt eller på sms på 48142002 seinast kl. 18.00 7. mars.

Kart: Turkart Øystre Slidre Mesterkart  1:50 000 eller appen Sporet

Icon Oppmøtested