Møter på Lund stadion ved Hjelle i Oppstryn og samler oss i biler til Skjeringsdalen.
Starter på Skjærdingsdalsætra 600moh, går ca 5km 2t, til Skjerdingsdalsbotnen 800moh, pause.
Der starter stigninga opp til ca 1500 moh som er toppunktet på turen og skillet mellom dei 2 dalane, kalla Nautbreen, 4t, pause. Nautbreen er litt mindre enn før so vi skal ikkje gå på bre, men det blir ein del snøv å gå på, blir aking på veg ned i Stolsbotnen i Glomsdalen.
So rusler vi til sætra Stol, 6t. Pause Etter avslapning der tar vi fatt på heimturen og er på Glomnes etter 8-9timer.
Blir kunstpause etter behov, pauser og tid beskreve er estimert av erfaring.Heile turen ligg mellom 8-10 timar alt etter antal og fart.
Det er påmelding via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt.
Turen er gratis for medlem i DNT/INT og koster kr 200 for ikkje medlemar. Ikkje betal før turen starter. Vipps 108817.
