Go Norsk Friluftsliv to main content
13. juni 2025

Skogsprinsessa

Mer informasjon
Skongsprinsessa
Icon Tid
Kl. 18.00 - 19.40
Icon Arrangør
Teatret Vårt
Icon Kontaktperson
Bli med på «Skogsprinsessa» – eit magisk vandreteater for heile familien! Følg skodespelarane gjennom skogen og hjelp skogsprinsessa Alva redde naturen.

Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal. No er det skogsprinsessa Alva si tur til å bli dronning.

Men alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen... Rykter og vonde tankar spreier seg i skogen, og plutseleg er det vanskeleg å vite kven som snakkar sant i den store skogen, kor kjem desse mørke tankane ifrå? Skogen treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska.

Heile forestillinga skjer utandørs. Kle dykk godt, og hugs at barna bør ha kle som er gode å røre seg i – og som tåler litt.

Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien!

Icon Oppmøtested
Molde: Oppmøte ved Grua. Forestillinga går via fleire stopp og avsluttast ved Storlihytta.