Dette er ein randotur til ein topp med flott utsikt.
Frå Hellesylt kjører vi mot Ringdalen.og vidare på bomvei 5 km til Moldskreddalen. Her parkerer vi bilane på Bygdastølen, og går i forholdsvis rolig terreng nordvestover mot Tverrdalen. Vi føl denne dalen innover til vi kjem til Russadalsreset.
Her starter den bratte stigninga oppover mot Litleskruven. Halvveis oppe går vi mot nordaust i retning Skaret som vi skal passere(eit stykke nedom Litleskruven) I denne stigninga har vi terreng som er godt over 30 graden. Når vi har passert Skaret går vi i nordlig retning mot Skruven 1584.
Denne turen passer for erfarne skifolk,og vi berekner 6-7 timer t/r. Ein må sjølvsagt ha med skredutstyr. Hjelm kan og anbefalast.
Det er påmelding via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt.
Turen er gratis for medlem i DNT/INT og koster kr 200 for ikkje medlemar. Ikkje betal før turen starter. Vipps 108817.
