Go Norsk Friluftsliv to main content
20. juni 2025

Solnedgang til Soloppgang

Mer informasjon
Solnedgang til Soloppgang
IconSted
Bremanger
Icon Tid
Icon Arrangør
Keipen Turlag
Icon Kontaktperson

Då er vi igjen klar for tradisjonstur og nattevandringa frå Grotlesanden til Veten og solnedgangen her. I år går turen fredag til laurdag, tett opp mot jonsok, å håper det kan gi oss ei lys natt.

Turstart er som alltid frå Grotlesanden kl 21.00. Inntrykket vårt, er at solnedgongen er det viktigaste målet for turen og den får vi i Vetenområdet. Her må vi sjølvsagt innom Vetehytta; Bremanger kommune si dagsturhytte. 

Opplegget er så at turen held fram austover Bremangerlandet og innom fleire av fjelltrimpostane til Bremanger idrettslag, Kanskje vi tek ein ny vri i år; kuttar Huseheia og heller går mot utsiktspunktet på stien ned mot Vetvika.

Soloppgangen møter vi på siste delen av turen, nærmare Steinfjellet og vegen ned att til Svarstad. Ein står fritt til å avbryte turen og gå nedatt i bygda når ein ønsker det. Her er det fleire vegar/stiar å bruke. Tryggast er ned grusvegen på Indre Grotle eller stien vi gjekk opp.

Dette er ein lengre tur og ikkje minst om natta. Sjølv om vi er inne i ei heteperiode kan det vere lurt å ta med ekstra varme klær, varm drikke og god niste. Det er veldig tørt i fjellet og å finne vatn på turen kan vere vanskeleg etter elva i Grolsdalen.

Turen krever logistikk planlegging ang biltransport. Alle møter derfor på Parkeringsplassen ved stistart Vetvika ved Dalavatnet i Bremanger. Derfra blir det arrangert transport kl 20.30 til Grotlesanden hvor turen starter. Det koster en avgift (100kr) å sette bilen fra seg. Dette må hver enkelt bil ordne ut med selv, Vipps plakat på plassen.


Turen vert arrangert berre i fint vêr. og ved evt avlysning vil komme info mail til påmeldte dagen før kl 18.00

Velkommen på nattvandring, med Keipen Turlag!


Påmelding i arrangementet her.

Turleiarar på turen er: 

Anne Karin Svarstad tlf. 48224881

Liv Sigdestad Brekke tlf. 47679298



Alle som går på tur med DNT, går på eiga ansvar

Icon Oppmøtested