Ynskjer du å sparke tursommaren i gang med andre fjellsportglade? Kva er då betre enn å ha Hjørundfjorden som utgangspunkt? Sunnmørsalpane byr på magisk utsikt uansett kor ein snur seg og utvalet av fjelltoppar er uendeleg!
Aktuelle turmål denne helga er blandt anna Fingeren, Trandalhatten, Mohns Topp og Liadalsnipa. Andre toppar er også aktuelle. Vêr og forhold dei aktuelle dagane avgjer kvar turane går, me vel lettare og mindre eksponerte turar dersom forholda ikkje tillét den opprinnlege planen. Me satsar på å spikre ein endeleg turplan den aktuelle veka.
Turbeskrivelse:
Foreløpig plan for helga:
Torsdag: avreise frå Bergen kl 11, me forventar å vere ved hytta ca kl 18. Dei som ynskjer det kan vere med på ein tur til Fingeren (1160moh) om kvelden. Turen er opp mot 6 km, 800 hm og tar ca 3,5 time.
Fredag: me tek ferja frå Standal til Trandal tidleg om morgonen, og går til Trandalhatten/Saudehornet (1188 moh) og ryggen vidare mot Tungremtindane om det er forhold for det. Turen startar på ca 250 moh. Me kjem nok ikkje så langt som til Tungremtindane før me snur og tek same vegen ned igjen. Om me må snu tidleg rekk me gjerne å besøkje Cristian Gaard før me tek ferja tilbake til Standal om kvelden.
Lørdag: Me plasserer nokre bilar Ytre Standal kvelden før og startar turen tidleg frå hytta. Me går i jamn motbakke oppover Kvanndalen og Kvanndalskaret før me går ned mot Litlekoppen og Storekoppen. Det ber på nytt opp mot Grønetinden og ned mot Storevatnet i Molladalen. Før me når vatnet blir det ei ny stigning, denne etter kvart ganske bratt og luftig mot Mohns Topp (1 350 moh). Me går i stor grad same veg tilbake, men me får ein kortare retur til bilane i Ytre Standal. Dette blir ein lang tur på opp mot 20km og me får mange høgdemeter i beina. Det blir godt å kvile seg i hytta om kvelden.
Søndag: Det er nok mange slitne bein i gruppa etter mange høgdemeter på Sunnmøre. Me avsluttar helga med ein tur til Liadalsnipa i Ørsta. Toppen er på 924 moh og me får nye 800 hm å gå. Turen er ca 5 km og me reknar med å bruke 3-4 timar. Sjølv om det vert ein kortare tur enn dei to føregåande dagane så startar me tidleg for å få nytta mest mogeleg av dagen før heimreise ca kl 15.
Eventuelt oppdatert turplan for helga vert sendt ut ei veke før avreise og endeleg val av tur skjer først dagen før.
Gradering: krevande, sjå Gradering på turer og aktiviteter med DNT
Fysisk vanskelighet: Krevande, på Sunnmøre går ein bokstaveleg tala frå fjord til fjell. Dei aktuelle turane er opp mot 20km og fjelltoppane er opp mot 1400 moh. Me går i bratt terreng og me vil vere på tur i opp til 10-12 timar dei lengste dagane. Me held eit jamt høgt tempo med korte pausar undervegs. Dette vil kreve over gjennomsnittet god fysisk form.
Teknisk vanskelighet: Krevande, dette er turar som går i ulendt terreng og delvis utanfor sti. Terrenget er periodevis svært bratt og utfordrande med steinur, lause steinmassar og grus. Fleire av toppane er luftige/eksponerte på toppen og krev at ein er komfortabel med klyving utan tau. Det er siste delen av turane som er mest luftige slik at ein kan velje å ikkje gå siste delen. Det vert ikkje nytta sikringsmidddel (tau) på disse turane, så ved dårleg vêr/fuktig fjell vel me turar som er mindre eksponerte.
Turane vil vere ha kombinasjon av bratt terreng og innslag av klyving. Ein støttar seg og brukar hendene mykje, men ein har gode tak.
Kompetansekrav til deltakarar: God fysisk form, at ein kan gå lengre turar over fire dagar. Det vert mange høgdemeter i beina. Ein må ha erfaring med og vere komfortabel med tilsvarande turar i eksponert, luftig og ulendt terreng.
Utstyr: Hjelm, sjå ellers Pakkeliste sommer
Kart: Sunnmørsalpene vest 1:50 000
Kart og turutstyr kan kjøpes i Tursenteret i Marken, Bergen. Rabatt for DNT-medlemmer. Bli medlem her.
Reisedetaljar og transport:
Oppmøte: ADO Arena i Bergen den 26.09 kl. 11. Evt. direkte ved Kolåstindhytta kl 18.
Me koordinerer felles transport med privatbilar, gi beskjed ved påmelding om du kan stille med bil.
Fordeling av kostnad ved samkøyring: Ved samkøyring betaler kvar av deltakarane sjåføren etter gjeldande regnestykke: antal km t/r x 4,- + eventuelle bompengar og andre utgifter / totalt antal i bilen.
Retur: seinast kl 15-16 frå Ørsta
Mat: Felles middag fredag og lørdag. Gi beskjed ved påmelding dersom du har allergiar. Deltakarane tek sjølv med all anna mat inkludert eventuell middag torsdag. Hugs at det ikkje er matbutikk i nærleiken så ein må ta med seg mat for heile helga.
Overnatting: Kolåstindhytta. Me søv på fleirsengsrom. Ta med lakenpose eller sengklede.
Pris inkluderer: Turleiing, overnatting i hytte, felles middag fredag og lørdag. Deltakar dekkar øvrig mat og betaler for samkøyring.
Turleiing: Turen vert leia av turleiarar som har solid turerfaring og har gjennomført DNTs turleiarkurs. Turleiarane i DNT mottek ikkje lønn for turer dei leier, men gjennomfører sine oppdrag som frivillige. Turavgifta dekkar turleiar sine kostnader ved oppdraget som transport, mat og overnatting, i tillegg til viktig kompetanseheving som skredkurs, turleiarkurs og fyrstehjelpskurs. Turane er utført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen og av å ta med andre på sine opplevingar.
Sikkerhet: Me har risikovurdert alle våre turar og aktivitetar og jobbar kontinuerleg med å redusere risikoen for alvorlege skadar og ulykker på våre turar. Likevel vil det alltid være ein risiko for skade ved å ferdast i vår natur. Deltakarane må lese all informasjon nøye: turbeskriving, viktig informasjon og generelle vilkår, og vurdere tur etter evne.
Turleiarar: Bjørg-Marit Valland og Fredrik Brun
Turleiarane tek kontakt med alle deltakarane seinast 4-7 dagar før turstart