Turen går frå Haugen i Fagerdalen, forbi Lavikstølen opp til Nipehelleren og Nipevatnet. Frå Nipeplatået går me i retning Flatekvalstølen, med ein sving innover Muradalen for å sjå murane i Muradalen. På veg ned til Flatekvalstølen passerer me steintrapper, frå gammal tid. Turen endar i Grendahuset Ljosheim, der har me både mat og konsert i vente.
Tidsramme: Ein reknar om lag 5 timar, med pausar i tillegg.
Høgdeskilnad:
Turen startar i Haugen, 430 moh.
Høgaste punktet på turen er Nipevatnet: 842 moh.
Me kjem ned til Flatekval, 280 moh.
Oppmøte: Det er oppmøte og parkering i Haugen, avkøyrsle frå hovudvegen i Eksingedalen like ovanfor Lavik.
Turskildring:
?Første del av turen er langs grusveg forbi hytter i Fagerdalen, vidare føl me skogsveg fram til Lavikstølen. Det er bratt oppover, men etter ein liten halvtime er me framme på Lavikstølen.
Frå Lavikstølen ber det oppover i litt ulendt sti, og det er bratt heile vegen opp til Nipehelleren og Nipevatnet, det høgaste punktet på turen. Me tek ein god matpause og nyt vakker utsikt! No er me oppe på høgda og ser i retning av Flatekval,
Frå Nipevatnet går me først ned til murane i Muradalen. Kva desse murane er merke etter, er det ingen som veit heilt sikkert. Teoriar og tankar om murane får de historie om når me kjem dit. Frå Muradalen følgjer me elva nedover, før me rundar utfor kanten og ser ned til Flatekvalstølen. Øvst oppe er det spor etter ferdsel frå gammal tid, oppmurt sti og steintrapper.
Flatekvalstølen er ein koseleg støl, med fleire små stølshus. Herifrå er det ein halvtime ned til vegen, og etter ytterlegare ti minutt langs veg, er me framme ved Grendahuset Ljosheim. Her vert det både mat og konsert. Det er enkel garderobe i Ljosheim, med høve til å byta seg etter turen.
Mat: Ta med god nistepakke og drikkeflaske.
Utstyr: Lett tursekk pakka med:
Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår. Ver særskilt merksam på kva som gjeld ift refusjon ved eventuell avmelding.
Ansvarleg turleiar: Liv Anne Bergo, tlf 97653458
Etter turen:
Grendahuset Ljosheim serverer rjommegraut, spekekat, kaffi og kake.
Konsert med Trine Duesund og Eirik Straume Normann.
Arrangementet i Ljosheim er ope for fleire enn turgåarane.
Informasjon om billettar til mat og konsert kjem etterkvart. Dei som melder seg på turen no, får direkte informasjon om dette. Mellom turen og maten vert det organisert skyss for å henta bilane som står i Haugen. Dette er unnagjort på ein halvtime.