Go Norsk Friluftsliv to main content
17. aug. 2025

Stølstur til Eiterdalen og norges fineste badekulp!

Mer informasjon
Stølstur til Eiterdalen og norges fineste badekulp!
IconSted
Alver
Icon Tid
Kl. 10.00 - 17.00
Icon Arrangør
Nordhordland Turlag
Icon Kontaktperson
Kari Sauer, Gro M. Skog og Jørgen B. Mowinckel
nordhordland.turlag@dnt.no

Bli med på denne turen som går til en ukjent perle i Alver!

Turen går i vekslande skogsterreng på god sti. Undervegs er det mange fine rasteplassar på opne flater og ved elva. Ved hytta i Svartholet er det bord og benkar. I elva Eitro, like nedanfor Eiterdalen, kan du bade i kulpen som vart kåra til Noregs finaste badeplass av Nitimen i år 2000. Eiterdalen er ein gamal fjellgard. Her står det i dag hus og løe. Mye kulturhistorie. 

Turen passer godt for familier som vil oppleve en spennede badekulp. En populær tur som alltid har god påmelding. 

Turmål: Eiterdalen. Turen tar ca 2 timer hver vei. Ca 370 m høydeforskjell fra start til Eiterdalen.  

Oppmøtetidspunkt: Søndag 17. august kl 10.00. Start og parkering her: https://kart.finn.no/?lng=5.62656&lat=60.75568&zoom=17&mapType=normap&markers=5.62675,60.75563,r,Brukerdefinert 

Utgangspunktet for turen ligg ved E-39 i Romarheimsdalen. Her er det god parkeringsplass like ovanfor Gamlesetra. Mellom Gamlasetra og avkjørsel til Stussdalen

Mat: God niste og drikke til ein dagstur på ca. 6 timer. 

Utstyr: Gode, stødige fjellsko, klær etter forholdene. Det er lett å finne vann underveis.

Vaksdal Historielag om Eiterdalen:

Millom Vasseggene mot Dyrkolbotn i vest og Nottveitfjelli i aust ligg Eiterdalen. I nord byggjer dalen seg opp til fjellviddi på grensa mot Otterstad. I sør og sørvest hallar det undan til grensa mot Romarheim. Gjennom dalen renn ei elv som heiter Eiteråi, eller gjerne kalla Eitro. Gjenom nokre skogdjuv kjem ho til slutt fram att på Gamlesetra, og renn der saman med Varmåi frå Langedalen ut i Romarheimselvi som kjem frå Nipen og Dyrkolbotn, og Stusdalselvi frå Stusdalen.

Omlag midt i Eiterdalen ligg restane etter eit gardsbruk der det ikkje hev butt folk i den siste mannsalderen. Denne garden heitte Fosse, men vart helst kalla Eiterdalen. Eivind Vågslid meiner at namnet kjem av «eitrande» kaldt, og det kan vel gjerne henda, for elvavatnet frå Eitro er framleis kaldare enn vatnet frå dei andre elvane ho møter på veg til sjøen.

Bustadhusi på denne garden var etter måten store. Dei låg i ein bakke på austsida av elvi. Nedanfor husi flatar dalen seg noko ut, og der var vel likaste heimebøen. Men jordi var steinut og skrinn, og gav so måteleg avling. Dessutan låg garden svært avsides. Stuttaste vegen til sjøen, var til Nottveit, men truleg var det vegen til Romarheim som vart mest nytta, for der var handelsmannen. Den gjenomgangstrafikken garden hadde, var vel helst når folk frå Nipen og Dyrkolbotn var på kyrkjeferd til og frå Mo. Då gjekk vegen oftast om Eiterdalen til Nottveit, og so vidare i båt gjennom Mostraumen til kyrkja på Mo. Det at garden låg so avleides til, og at jordi var skrinn, gjorde nok sitt til at dette var den fyrste av desse fjellgardane som vart fråflytta. Det er snart 100 år sidan folk budde fast her. Om tidlegare busetnad er det ofte uklårt om dei som budde her berre bygsla, budde på leigekontrakt eller var sjølveigarar, og mange av dei veit ein lite om. Dette vil og gå fram av oppgåva yver busetnaden på garden.

Avmelding på denne turen:

Deltakaravgifta blir ikke refundert ved avmelding eller manglande oppmøte. Pris medlemmar kr. 50,-, ikke-medlemmar kr. 100,-. Ver snill og send eventuell avmelding til nordhordland.turlag@dnt.no 

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. 

Turledere: Kari Sauer, Gro M. Skog og Jørgen B. Mowinckel

Icon Oppmøtested