Foto: Ragnar Egeland
Frå Smiå går turen til Stemmen, eit flott parkområde midt i Kvernaland sentrum.På vegen vidare går ein forbi Kvernaland omsorgssenter og vi tek ein ekstra runde forbi Kræjen gapahuk. Vidare går turen på grusveg mellom byggefelt og landsbruksjord. Løfter ein blikket, kan ein sjå Brekkenuten, 137 moh. Frå toppen er det flott utsikt. Turen fortset inn i byggefelt og tilbake til Smiå. På veg tilbake går vi innom den flotte gapahuken i Agriparken ved Frøylandsvatnet. Turen er 4,5 km og passer for alle.
Oppmøte: Parkering ved Smiå på Kvernaland. Turen starter her kl 1730
Denne turen er ein av nærturane som går anna kvar onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 25 nærturar i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.
Støtt Stavanger Turistforening/Jæren turlag og bli medlem dnt.no/medlem