Go Norsk Friluftsliv to main content
01. des. 2024

Stikk UT Stad

9 Stikk UT Vinter grafikk 2024
IconSted
Icon Tid
01. des. 2024
Kl. 09.00 - 09.00
Icon Arrangør
Fjordane Friluftsråd
Icon Kontaktperson
Den 1. desember 2024 går startskotet for Stikk UT! Vinter. Då kan du vere med på vinterversjonen av landets største turtrim, og registrere turane dine i Stikk UT!-appen. Dette pågår fra 1. desember 2024 til 21. april 2025. 

Vinteren 2025 har vi 10 turar i Stad. Ein kan finne Stikk UT! turar i Nordfjord, Møre og Romsdal ei rekke andre friluftsråd i landet, slik at det er mogleg å finne og registrere flotte turmål om ein er på reise. 

For vintersesongen er det eit utval av vinterfotturar og skiturar å velje mellom. Skiturane er lagt til oppkøyrde løyper, der det kan vere lurt å sjekke løypeinfo på skisporet.no før ein legg ut på tur. Dei fleste vinterfotturane vil vere tilgjengelege med gode vintersko, og eventuelt broddar om det skulle vere glatt. 

For nokon av turmåla kan det vere enklast med truger om det skulle komme ei periode med mykje snø. Vurder alltid ver og føreforhold før turar på vinteren. 

Å delta på Stikk UT! er gratis for alle og passar for alle. Alt ein treng å gjere er å laste ned Stikk UT! appen til telefonen frå «App Store» eller «Google Play». Når appen er lasta ned registrere ein brukar, og så er det berre å finne ein tur og snøre skoa.  I appen kan ein finne turar, og på kvart turmål er det ein kode ein kan registrere i appen. 

Om ein tilet appen å nytte gps på telefonen kjem koden inn automatisk når ein er ved turmålet, slik at det berre er å trykke registrer. I appen er det og turlogg der ein kan sjå dei turane ein har vore på. Vidare er det statistikk og topplister for turmåla og kommune. Om ein ikkje ønsker å stå på topplistene kan ein velje å delta anonymt. 

For bedrifter er det mogleg å delta som eit samla lag, og skape felles aktivitet på arbeidsplassen. Stikk UT! vert arrangert i samarbeid med grunneigarar, lokale eldsjeler, friluftsråd og kommune. Gjennom dette samarbeidet ønskjer vi å legge til rette for flotte naturopplevingar for store og små, også i vinterhalvåret.Saman ynskjer vi deg velkommen på tur i vinter. Vurder ver og føreforhold, og vis omsyn til natur og dyreliv.

Icon Oppmøtested