Dette er ein tur med potensielt mykje flott utsikt. Turen går på fjellrekka mellom Stryn og Loen. Og det er ein lang tur på 15-20 km der ein går ca 1200 høgdemeter oppover og ca 2.100 nedover.
Vi møtest ved Strynehallen kl 07.30 for organisering av køyring av biler til Meland der vi planlegg å kome ned. Etterpå køyrer vi til Loen der kvar enkelt må kjøpe billett til Loen Skylift (koster 460 kr). Vel oppe på Hoven (1.000 moh). starter turen på fin sti til Staurinibba. Vidare til Loskaret, Dispahyrna, Geitafjellhyrna og fleier toppar utan namn før vi når turen sitt høgaste punkt på Storskredfjellet (1815 moh.) Nedatt går vi vestlig retning og ned att til Meland.
Sjølv om turen har ei fantastisk utsikt heile vegen, er den ikkje spesielt høgdeutsett. Der er eit kort parti der ein kan kjenne på det om ein har problem med høgde. Ein må sjølvsagt ha gode klæ og nok mat og drikke på ein slik tur. Turen kan ta 11-13 timar.
Turleiarar: Terese Sunde og Odd Henrik Berge.
Oppmøte ved Strynehallen kl 07.30.
Det er påmelding via linken på heimesida. Ein får ei bekrefting på e-post når ein er påmeldt.
Turen er gratis for medlem i DNT/INT og koster kr 200 for ikkje medlemar. Ikkje betal før turen starter. Vipps 108817.