Bli med på tur i eit fantastisk terreng!
Turen går frå Tesdalen, opp Roksbotnen vidare inn til Voss Utferdslag si nyaste hytta Nansenbu. Vidare tek me turen innom det ikoniske timaglaset før me vendar blikket heimatt og går ned mot Rapjahalsane.
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Krevjande. Omlag 16 til 18 km.
Turen tek omlag 8 timar frå start ved Tesdalen til retur ned på Smågiljane.
Turomtale:
Turen startar med buss frå Holbergplass til garden Tesdalen på Bordalen. På turen frå Tesdalen går ein forbi nokre kjende gravhaugar, før me fortset vidare til Tesdalsstølen. Tesdalsstølen har to fine stølshus som ligg idyllisk til på eit ope jorde. Etter Tesdalsstølen fortset me vidare opp gjennom bjørkeskog og vidare innover dalen. Etter omlag ein halvtime kjem me inn til Roksbotn. Roksbotn er over skoggrensa og me kan byrja å sjå høgfjellsterrenget me skal bevega oss inn i. Me forset til innerst i dalbotn før me runder bratta ved Galtaryggen. Herfrå fylgjer me ein gamal varda sommarveg opp på fjellet Maratoni. Vidare går me bratt oppover til me kjem opp på 1200 m.o.h. Turen inn mot Nansenbu går langs flotte små tjørn og i vakker natur. Etterkvart kjem me inn på Voss Utferdslag si T-merka rute. Me fylgjer den T merka ruta til Nansenbu, tek ein pause her før me går på sti vidare til Timaglaset. Frå Nansenbu til timaglaset tek det omlag ein halvtime. Etter me har vitja den ikoniske steinblokka, runder me etterkvart meir nordleg retning og gjer oss klar for returen. Returen går langs Ulvaskaret og ned mot Rapjahalsen. Her får me eventyrleg utsikt over Voss, og det er flott terreng å gå i. Turen endar på Smågiljane som er siste endestasjon. Her blir me plukka opp av bussen som køyrer oss til Holbergplass.
Inspriasjon til turen:
Fyrste delen av turen frå Tesdalen – Roksbotnen – Nansenbu står omtalt i den sjuande turboka “FAR ETTER FOLK I VOSSAFJELLA” til vossingen Sveinung Klyve. I boka til Sveinung kan ein lesa historia til gravhaugane, stølane m.m. Om du er nysgjerrig på ruta oppmodar me til å lesa turomtalen i boka hans.
Krav til deltakarar:
Turen er for erfarne turgåarar
Turen går i varierande terreng (skog, ur, høgfjell) som krevjer at ein har god uthald og styrke
Utstyr:
Gode tursko/fjellsko (gjerne med ankelstøtte)
Godt med klede (ekstra klede til skift)
Mat og drikke (Nok mat og drikke om det er varmt i vêret)
Frammøte:
Holbergplass 09.00. Meir info kjem etterkvart
Pris:
Meir info kjem
Merknad:
Turen har plass til maks 16 deltakarar (minibuss).
Ved stor interesse vil me vurdera om me skal auka deltakarantal.
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleierane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Kartblad: Norges-serien - Voss: nr:10038
Turleiarar:
Kirsti Buset tlf 97 65 54 26 og Grethe Monica Haug tlf 90 98 20 30
Foto forsidebilete:
- June Jansson
- Audun Hellevang