Go Norsk Friluftsliv to main content
15. Feb 2026

Sundagstur: Gryta «Katedralen» i Naddvik

Mer informasjon
Sundagstur: Gryta «Katedralen» i Naddvik
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 08.00 - 17.00
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson
Sofie Børseth Hagland
90238857
sofie.borseth@dnt.no

"Katedralen" inst i Hovlandsdalen er ei kjempestor jettegryte med steile fjellsider på opptil 110 meter høgd. 

Det er berre mogleg å kome inn til Gryta når elva er islagt. Det er lenge mellom kvar gong det skjer, så no vil Voss Utferdslag nytte høvet og ta turen.

Gradering / vanskelegheitsgrad:  

Krevjande (Rød): 250 høgdemeter og 8 kilometer. 

Turen er gradert som krevjande på grunn av fleire bratte kneikar i elveleie kvar ein må være komfortabel med bruk av stegjern og isøks. 

Turomtale:

Me køyrer i privatbilar til Naddvik, vel 2 timar. 

Frå parkeringsplassen går med 2,5 kilometer på veg og sti. Deretter tar me på stegjern og går opp den islagte elva dei siste 1,5 km til me kjem frem til Gryta. Retur same veg. 

Krav til deltakarar:

Komfortabel med bruk av stegjern og isøks.  

Utstyr: 

Stegjern (Kan lånes av VU)

Isøks (Kan lånes av VU)

Klatre/brehjelm (Kan lånes av VU)

Stive fjellstøvler

Vatn og niste 

Me skal gå i ein trong, skuggefull dal, så ta med varme klede.

Frammøte: 

Holbergsplass kl. 08.

Samkøyring: 

Me køyrer i privatbilar frå Holdbergsplassen til Naddvik. 

Betaling for samkøyring skal betalast på turdagen til sjåfør, 400 kr per person. 

Pris:

Medlem: 300 kroner inkluderer guide og administrasjonsavgift.

Ikkje- medlem: 500 kroner inkluderer guide og administrasjonsavgift.

+ 400 kroner til sjåfør for samkøyring. 

Turleiing: 

Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.   

Turleiarar:

Olav Bakketun tlf. 95 98 18 91

Sveinung Styve tlf. 95 98 75 01

Icon Oppmøtested