Go Norsk Friluftsliv to main content
09. Aug 2026

Sundagstur: Hamlagrø- Torefjell- Øystese

Mer informasjon
Sundagstur: Hamlagrø- Torefjell- Øystese
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 08.30 - 20.30
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson

Bli med på ein lang og vakker fjelltur. 

Gradering / vanskelegheitsgrad:    

Krevjande/ rød. 750 høgdemeter, 24 km, 12 timar (inkl. reisetid). 

Turomtale:

Denne sundagen tek me turen over fjellet frå Voss til Øystese. Me tek minibuss frå Holdbergplass til Osen på Hamlagrø, 590 m.o.h., og går lett innover langs vatnet til stølsgrenda Lii. 

Deretter vert det noko kupert stigning til me kjem til skaret ved Vending. Me går så på T- merka sti nedover Fugladalen. Ved Fugladalsselet tek me opp til Fossavatnet, rundar vatnet og får stigning opp til øvre Fugladalsvatnet 942 m.o.h. 

Turen vidare går ned til Myklavatnet, og held fram forbi Vatnadalen til Jørstavatnet. Her startar stigninga til Torefjell 1050 m.o.h., som ligg majestetisk til, med storslått utsikt over fjell, fjord og bygder. Deretter vert det nedstigning til Sjusete der transport ventar ned til fjorden. Høve til forfriskande fjordabad viss tid. Buss tilbake til Voss kl. 19.10. 

Dette er ein relativt lang tur, men utan dei lengste og brattaste motebakkane. Me går ved kanten av Fuglafjell 1334 m.o.h., som er Kvam sitt høgaste fjell. Myklavatnet er vasskjelde for store delar av bygdene. Dette er ein vakker tur dersom me har veret på vår side. Turleiarane kjem attende med oppdatering når turen nærmar seg.

Krav til deltakarar: 

God fysisk form. Må meistra lang dagstur.

Utstyr: 

Kle deg for høgfjellstur. Viktig med gode tursko og varme, vind og vanntette kle. Ta med deg solid nistemat og drikke. Vatn finn me undervegs. Stavar for nedstigning om du brukar det. Sekk med ekstra plass til fellesutstyr. 

DNTs pakkeliste sommar.

Frammøte: 

Holbergsplass kl. 08:30.

Transport:   

Minibuss frå Voss - Hamlagrøosen og Sjusete - Øystese sentrum. 

Rutebuss kl 19:10 frå Øystese til Voss (deltakarane betaler denne bussbilletten sjølve). Bussen er ved Voss stasjon kl. 20:40.

Dyr: Når ein nyttar buss er hund ikkje lov grunna omsyn til allergi. 

Turleiing: 

Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.   

Pris:   

Medlem: 300 kr. inkluderer minibuss samt administrasjonsavgift (75 kroner) 

Ikkje- medlem 450 kr. inkluderer minibuss samt administrasjonsavgift (150 kr) 

NB: Deltakarane betaler sjølve bussbilletten på rutebuss kl. 19.10 frå Øystese til Voss.

Merknad:

Turen går kun i godt fjellver, så om vermeldinga er dårleg kan turen bli avlyst. 

Turleiarar: 

Kjersti Vik, tlf. 95 17 10 62

Bente Søfteland, tlf. 91 88 96 98

Icon Oppmøtested