Opplev ein fantastisk utsikt frå Fuglafjellet 1343 moh; den høgste toppen i området mellom Bergsdalen/ Hamlagrø og Kvamskogen/ Hardangerfjorden.
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Krevjande (Rød): 900 høgdemeter, 25 kilometer (ca. 7 timar, inkludert pausar). Erfarne turgåerar, god utholdenhet, godt utstyrt.
Turomtale:
Me startar flatt fra Osen langs Hamlagrøvatnet til stølen Lii (1,5 km), deretter i varierande terreng med jevn stigning opp til Vending (skaret), ca 850 moh.
Me passerer idylliske Solheimsdalen og skrir vidare ned i starten av Fugladalen, ca 800 moh. Her får me utsikt ned den «ville» Vossadalen som kjem opp frå Fitjadalen/ Øystese. Så vert det ein stigning opp til Fossavatnet (859 moh), vidare framoverlangs vatnet og deretter ein ny kneik opp til Øvre Fugladalsvatnet (942 moh).
Så langt har me stort sett gått rett sør, men herfrå kryssar me oss opp mot vest dei siste 400 høgdemeterane til toppen av Fuglafjellet 1334 moh. Noko bratt ein del plassar, ingen direkte «luftige» parti, men her er me i eit terreng der ein må ha god sikt for å kunna gå trygt. På toppen er det vid utsikt i alle retningar.
Ned att startar me turen med fine nedrenn om Sørfuglen (1284 moh), og kryssar tilbake til løypa me kom opp. Deretter retur same løype ned att. Attende på Holbergsplass: ca. kl. 18.00
Krav til deltakarar:
Ein bør vera van med å gå lengre turar i variert, noko bratt og krevjande terreng. Nokon tunge parti opp, og dermed litt krevande ned att, avhengig av føreforhold.
Utstyr:
Sjøl om dette er seinvinter/ vår, må ein vera utstyrt som for vintertur. Sjekk vèrvarsel for vind /temperatur.
Ein må ha kraftige fjellski og fjellskisko. Skifellar er å føretrekkja, gjerne to typar; ei som heng godt, og ei med glid (for eksempel kortfeller og langfeller).
Sekk med ekstra plass til fellesutstyr.
Frammøte:
Kl. 09.00 på Holbergsplass.
Transport:
Samkøyring i privatbilar.
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Medlem: 75 kroner (administrasjonsavgift)
Ikkje- medlem: 150 kroner (adminstrasjonsavgift)
+ 90 kr til sjåfør.
Samkøyring:
Betaling for samkøyring skal betalast på turdagen til sjåfør.
Merknad:
Om det ikkje er vèr- eller føreforhold til å gå på toppen, kan det verta aktuelt med ein kortare tur i lågare terreng.
Turleiarar:
Audun Hellevang, audun5700@gmail.com, 95 28 88 33
Ingar Vatne, 95 81 90 48