På turen til Kalvsnesnosi får du ei fantastisk utsikt over verdsarvområdet. Turen er krevande og er du van til å ferdast i fjellet er dette en tur som er verdt å bli med på.
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Ekspert/ Ekstra krevjande (Svart)
30 km, 927 høgdemeter, total tidsbruk: 10 - 12 timar.
Turomtale:
Tredje august blir det sundagstur til Kalvsnesnosi, ei skjult perla ved Aurlandsfjorden med spektakulær utsikt utover Nærøyfjorden.
Turen starte på Aurlandsfjellet ved Flotvatnet, fyrste 2 km går oppover på grusveg med 163 høgdemeter stigning. Deretter går turen på ein traktorveg, der vegen er eit resultat av kraftutbygging. Vidare går ein i flott landskap langs Soleibakkvotni til Erterhaugvatnet i lettgått terreng. No går turen nedover til Kolarbotn, før ein tar fatt på stigninga til toppen. Siste 2 km til toppen blir meir krevjande og går i steinete fjellterreng.
På toppen står ein midt i verdsarvområdet og kan nyta spektakulær utsikt. På vegen tilbake går ein omlag 4 km sør/øst langs ryggen før ein går ned til Kolarbotn. Frå Kolarbotn blir det mest oppoverbakkar totalt 10 km til Flotvatnet.
Turen er dryg og lang, men den har relativt få høgdemeter i forhold til kilometer. Terrenget er i utgangspunket lettgått, 927 høgdemeter på 30 km. Dette betyr at det blir veldig mange timar på beina. Det blir to til tre matpauser på turen, så det er viktig å ta med nok mat. Ta heller med for mykje mat enn for lite. Turen er ein fin treningstur til Vossamarsjen. Turen over Gråsida er 10 km kortare og har færre høgdemeter.
Krav til deltakarar:
God fysisk form, kan gå fjelltura i eit litt høgre tempo 3 - 4 km/t, tåla lange daga på beina med oppakning, godt fjellvant.
Utstyr:
Regntøy (jakke og bukse)
Tynn vindjakke og turbukse (med god fukttransport)
Undertøy i ull/ ullblanding + ekstra skift
Sokker med mye ull og god passform + ekstra skift
Ullgenser/jakke eller tynn dunjakke
Ekstra lue
Ullvotter eller andre vanter/votter som er varme selv når de er våte
Fjellstøvler og gjerne gamasjer
Shorts og t-skjorte (ull/kunstfiber) hvis det er meldt varmt vær
Mat og drikke
Solbriller og solkrem
God ryggsekk
Førstehjelpssaker (med gnagsårplaster og sportstape)
Frammøte:
Holbergsplass kl. 06:00.
Transport:
Samkøyring i privatbilar.
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko sombetyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiellguiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samtå ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Samkøyring: Medlem: 75 kr (administrasjonsavgift)
Ikkje-medlem: 150 kr (administrasjonsavgift)
Betaling for samkøyring skal betalast på turdagen til sjåfør, kr 340 kr.
Merknad:
Startpunkt kan kanskje bli endra, laurdag blir reservedag.
Turleiarar:
Øystein Røen oysteinroen@gmail.com (41 08 86 51)