Go Norsk Friluftsliv to main content
22. Feb 2026

Sundagstur: Myrkdalen - Vinje

Mer informasjon
Sundagstur: Myrkdalen  - Vinje
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 09.00 - 16.00
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson

Turen går frå A til B og ein kan venta seg fantastisk utsikt og fin nedskriing. 

NB: Turleiarane har gått opp turen om kan melda om kjempe skiforhold med mykje pudder, utanom på sjølve Svolefjellet som er veldig avblåst, isete og steinete. Ruta vil dirfor ikkje gå opp på Svolefjellet. 

Gradering / vanskelegheitsgrad:
Krevjande/raud: 550 høgdemeter, 15 km og om lag 5.5 timar. 

Turomtale:
Me går frå parkeringsplassen ved Årmotslia Skisenter,  kryssar skibru og lysløype og held fram oppover mot Revhaugen. Vidare mot Tjørnarhovden før me kryssar myra og fortsett oppover mot Gråsteinane. Her er det flott utsikt over Myrkdalen, skianlegget og innover mot Vikafjellet. Når me kjem over kanten ventar nedskriinga mot Stora Vasstjørni, Øyasetdalen og til stølen Øyaset. Herifrå er det skriing på stølsveg til Vinje der me vert henta av minibuss ved Sambygg. 

Krav til deltakarar:
God fysisk form. Van med lengre fjellskiturar i krevjande terreng utanfor løype. 

Utstyr:
Fjellski med feller evt. randoski med feller. Sekk med ekstra plass til fellesutstyr.
I tillegg sjå DNT si dagstur pakkeliste for vinter.

Frammøte:
Holbergplass kl 09.00. 

Transport:  
Minibuss tur/ retur

Dyr:
Når ein nyttar buss er hund/kjæledyr ikkje lov grunna omsyn til allergi.

Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute. 

Pris:
Medlem 300 kr. inkluderer buss og administrasjonsavgift (75 kroner)
Ikkje- medlem 450 kr. inkluderer buss og adminstrasjonsavgift (150 kr)

Merknad: 
Ved dårleg vêr kan turen endrast.

Turleiarar:
Gunn Hommedal Kvitne, gunn@vorek.no, tlf. 99 60 45 06 

Knut Blikberg, 97 57 12 20


Foto:
Gunn H. Kvitne

#sundagstur

Icon Oppmøtested