Go Norsk Friluftsliv to main content
01. Feb 2026

Sundagstur: Reppeggi frå Engjaland (NY TUR)

Mer informasjon
Sundagstur: Reppeggi frå Engjaland (NY TUR)
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 08.30 - 15.30
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson
Sofie Børseth Hagland
90238857
sofie.borseth@dnt.no

På grunn av snøforholda går turen til Reppeggi istadenfor Timaglaset. Ein flott tur med mykje fin utsikt. 

Gradering:

Middels krevjande tur. 15 km og 1000 høgdemeter. Totalt bør ein rekna 6 timar.  

Turbeskrivelse:

Frå Engjaland fylgjer ein vegen opp til Sundvesstølen der ein går opp ein kort og bratt kneik til oppunder Kleppshovden før det går slakt oppover til Nipene. 

Så går opp ein god bakke til Flatafjellet, før ein traverserer terrenget bort til Mykjedalsvatnet. 

Her tek me fatt på den siste stigninga til toppen. På returen får ein fleire flotte unnarenn sama vegen som me gjekk opp.   

Krav til deltakar : 

Ein bør vera stødig nedover på fjellski og takla både bra og dårlig føre. Turen er rekna som ein topptur, så ein bør vera i god form og van med å gå litt høgdemetrar og brattare bakkar . 

Forholdsvis enkel tur, men stigninga opp frå Sundvesstølen og frå Nipene til Flatafjellet kan vera litt tunge, dersom det er mykje laussnjo.  

Utstyr: 

Nok mat/drikka og varme klede. Kortfelle for dei som har da.

Pakkeliste dagstur vinter

Frammøte: 

Holbergsplass kl. 08:30. Anmarsj frå Engjaland kl. 09.30.

Merknad: 

Denne turen har ein reservedag og kan bli flytta til laurdag 31 januar, avhengig av vêret. 

Pris:   

Medlem: 75 kroner (administrasjonsavgift)

Ikkje- medlem: 150 kroner (adminstrasjonsavgift)

+ Betaling 80 kr per person for transport til sjåfør. 

Transport:  

Samkøyring i privatbilar. Holbergsplassen - Engjaland (omlag 30 min å køyra) 

Turleiing: 

Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute. 

Turleiarar: 

Øystein Røen, oysteinroen@gmail.com, 41 08 86 51

Icon Oppmøtested