Bli med på ein variert tur med mange spennande stølar og vakker utsikt!
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Rød/ Krevjande. 700 høgdemeter og 12 km.
Turomtale:
Turen startar med minibuss frå Holbergplass til garden Ulvund som ligg høgt over Myrkdalsvatnet. Det er ein bratt start på turen, så me held eit roleg tempo. Første del av turen går på traktorveg opp til Nedste Ulvundsstølen. Her i frå går me på sti til Øvste Ulvundstølen, og vidare til Svolefjellet.
Når me kjem til Øvste Ulvundsstølen opnar utsikta seg nedover mot Lønavatnet, Herresåsen og fjella bak. Det vert også fin utsikt mot Raundalsryggen. Etter kvart som me nærmar oss Svolefjellet vert det utsikt mot Myrkdalen og innover Stølsheimen. Svolefjellet har ei fantastisk utsikt for sine forholdvis beskjedne 1094 høgdemeter.
Etter ein god pause på toppen, går me ned på motsatt side av fjellet som er det mindre bratt. Me passerer Stora Vasstjørni og føl Øyasetdalen til stølen Øyaset. Deretter fylgjer me stølsvegen til Vinje der me vert henta av minibuss og køyrt tilbake til Holbergplass.
Me reknar seks timar på turen.
Krav til deltakarar:
God fysisk form og van til turar i bratt og ulendt terreng.
Utstyr:
Frammøte:
Holdbergsplass kl. 09:00 den 11 oktober.
Transport:
Minibuss frå Holdbergsplass til garden Ulvund, og retur med minibuss frå Vinje tilbake til Holdbergsplass.
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Buss: Medlem 300 kr. inkluderer buss og administrasjonsavgift (75 kroner)
Ikkje- medlem 450 kr. inkluderer buss og adminstrasjonsavgift (150 kr)
Merknad:
Ved dårleg ver, kan turen endrast.
Turleiarar:
Gunn Hommedal Kvitne, 99 60 45 06, gunn@vorek.no
Anne Lise Ulvund, 95 28 68 10