Go Norsk Friluftsliv to main content
28. sep. 2025

Sundagstur: Vetlafjellet

Mer informasjon
Sundagstur: Vetlafjellet
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 08.00 - 16.00
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson


Bli med på tur til Stalheim, frå toppen kan me sjå heilt til Lønahorgi!

Gradering / vanskelegheitsgrad:

Krevjande/raud: 900 høgdemeter, 20 km og om lag 5-6 timar. 

Turomtale:

Turen byrjar på Stalheim Hotell. Me fylgjer traktorvegen oppover og innover Brekkedalen i eit lettgått terreng utan mykje stigning. Deretter krysse me elva og fortsettar i eit fint terreng samtidig som me hentar inn nokon høgdemeter til i retning Jordalen. Frå Skaret (1000 moh) fylgjer me umerka sti opp langs ryggen til Vetlafjellet. På toppen får du ei god utsikt over fjella omkring Nærøyfjorden. Retur går same vegen tilbake, og me avsluttar turen ved Stalheim Hotell.

Krav til deltakarar:

Noko erfaring med lange fjellturar og i god nok fysisk form til å gå 900 høgdemeter. 

Utstyr:

Fjellski med feller evt. randoski med feller.I tillegg sjå DNT si dagstur pakkeliste for vinter.

Frammøte:

Holbergplass kl 08.00. Tilbake ca. kl 16:00. 

Samkjøyring:

Medlem: 75 kr (administrasjonsavgift) 

Ikkje-medlem: 150 kr (administrasjonsavgift) 

Betaling for samkøyring skal betalast på turdagen til sjåfør, kr 120,-

Turleiing:

Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.  

Merknad: 

Ved dårleg vêr kan turdato endrast. Alternativt kan laurdag 27.september bli turdag.

Turleiarar:

Johanna Skulstad Dregelid, johanna.skulstad.dregelid@gmail.com, tlf 90803287. 

#sundagstur

Icon Oppmøtested