Go Norsk Friluftsliv to main content
25. Jan 2026

Sundagstur: Øyastølsfjellet og Fyresnipa i Jordalen (NY TUR)

Mer informasjon
Sundagstur: Øyastølsfjellet og Fyresnipa i Jordalen (NY TUR)
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 08.00 - 16.00
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson
Sofie Hagland Børseth
90238857
sofie.borseth@dnt.no

** Plan for dagen **
NB: Det er viktig at alle møter ferdig skifta og klare, slik at me kjem i gang utan for mykje venting. Feller på ski. Sekk pakka og klar.

  1. Avreise Voss, Hollbergsplass kl 08. Fordeling i bilar. 
  2. Ankomst Jordalen kl 09. Me fordeler fellesutstyr (vindsekk, liggeunderlag etc) på deltakarane
  3. Me gjennomfører ein kort runde med telling av deltakarar, inforunde etc
  4. Klar for å starte turen rundt 09:15 ifrå Jordalen (Nosi). Hugs å Vippse betaling for parkering. 
  5. Betaling for samkøyring betalast på turdagen til sjåfør: kr 70 per person (+ Vippsparkering)
    ---
  6. Turmålet for dagen er Fyresnipa (1460m) - Det er omlag 7km (kvar veg) og totalt 1000 høgdemeter 
  7. Det er meldt sol, lite vind, men kaldt (-20 grader)
  8. Ikkje start for varmt, men ha varme klede lett tilgjengeleg til pausane.
  9. Hugs varm drikke og mat.
    Velkommen til ein fin-fin dag på tur :-D

​------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

På grunn av for lite og ujamnt snødekke blir dessverre turen til Velkesfjellet / Kvasshovden for krevjande å gjennomføre som fjellskitur no. Me endrar derfor turen til eit tryggare og betre alternativ i Jordalen:

Ny tur: Øyastølsfjellet (1342 moh) og Fyresnipa (1461 moh)

Det er meldt sol og vindstille, og det er meldt om fine snøforhold i Jordalen – noko oppkøyrd, men framleis ein del uspora snø å finne.

NB: Det kan vere stein som stikk opp enkelte plassar, så me må ta det roleg i nedkøyringar.

NB: Det er meldt kaldt (ned mot -20°C), men vindstille og sol.

Gradering / vanskelegheitsgrad:

Middels krevjande (lengde + tidleg sesong + kulde).Turen passar best for deltakarar med litt skivane og ok kondisjon.
Lengde: 10-12 km totalt og ca 900 høgdemeter stigning.

Turomtale:

Me startar frå parkering i enden av Jordalsvegen og går i roleg tempo med pausar undervegs. Målet er Fyresnipa (1461m).Me har to turleiarar og kan dele gruppa undervegs dersom det er behov.

Krav til deltakarar:

  • Du må kunne gjennomføre ein lang vintertur på ski i roleg tempo

  • Du må kle deg for streng kulde og kunne ta vare på deg sjølv gjennom dagen

  • Du må kunne gå med feller/store delar av turen

  • Du må sjølv vurdere om turen passar for deg (form, kulde, lengde)

Utstyr

  • Ski og staver (fjellski eller lett randoutstyr)

  • Langfeller (kan ta med kortfeller i tillegg)

  • Sekk med niste og drikke (gjerne termos)

  • Varme klede + ekstra lag/skift

  • Vind-/dunjakke til pausar

  • Lue og varme vottar + evt. ekstra hanskar

  • Briller/skibriller

  • Mobil med fullada batteri

Frammøte

Hollbergsplass (Voss)

Oppmøte: kl. 08:00
Ankomst Jordalen: kl: 09:00
Planlagt start på ski i Jordalen: kl. 09:15

Transport

Turdeltakarar som reiser frå Voss avtalar samkøyring.

Turleiing

Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.

Pris

Medlem: 75 kr (administrasjonsavgift)Ikkje-medlem: 150 kr (administrasjonsavgift)

Betaling for samkøyring betalast på turdagen til sjåfør: kr 70 per person

Turleiarar

Kjartan Haugen – kjartan.haugen@gmail.com – 97 50 32 14Bente Søfteland – 91 88 96 98

#sundagstur

Icon Oppmøtested