Go Norsk Friluftsliv to main content
22. Mar 2026

Sundagtur: Rong - Herabu

Mer informasjon
Sundagtur: Rong - Herabu
IconSted
Vossevangen
Icon Tid
Kl. 09.30 - 16.30
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson

På denne turen skal me gå i eit av dei flottaste fjellområda vossafjella har å by på!

Gradering: 
Middel krevjande tur. Totalt 16 kilometer og 500 høgdemeter.

Turomtale: 
Me går frå Rong Fjellstove til stølsvegen opp forbi stølen Løkjane. Vidare går me inn til stølen Grungane, der me får ein stigning på ca 350 høgdemeter. Her går me opp til Rangasladet og hentar ca 160 høgdemeter til. Frå Rangasladet skrir me ned til Herabu, der tek me ein pause før me går fram på kanten og ser utover vakre Hardanger. Retur samme vegen. Tur/retur tek ca 6 timar.

Krav til deltakarar: 
Middels trente skigåarar. Godt utstyr og grunnleggande skiferdigheiter.

Utstyr: 
Gode klede, mat og drikke. Ski med feller, eller smurning.

Frammøte: 
Oppmøte kl 09.30 Holbergsplass. Me køyrer til Rong, der me parkerer ved Rong Fjellstove.

Transport:

Samkøyring i privatbilar. 

Pris:
Medlem: 75 kr (administrasjonsgebyr) 
Ikkje-medlem: 150 kr (administrasjonsgebyr)

Betaling for samkøyring skal betalast på turdagen til sjåfør, 70 kr (parkeringsavgift ved Rong inkl. i prisen). 

Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleierane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.    

Turleiarar:
Øyvind Olde, oeolde@online.no, 90 96 30 92

John-Inge Johnsen, 97 00 04 22

Herabu. Fotograf: Øyvind Olde


Icon Oppmøtested