Opplev nokre av dei mest kjende stadene i Vassfaret frå sykkelsetet.
Det er 3 vassfar i Sør-Aurdal. Denne turen går i Hedalsvassfaret. Vi tar oss tid til å nyta naturen og har fleire stopp der vi blir kjende med Vassfaret og livet der i gammal tid. Vi blir også kjende med krigshistoria i Vassfaret og besøkjer eit gammalt bjørnehi.
Turen er på ca. 32 km. Du kan bruka vanleg sykkel eller el-sykkel, men den må vera i god stand. Racersykkel eignar seg ikkje.
Vi startar syklinga ved Aurdalsdammen og syklar til Øvre Grunntjern. Vi passerer kjende stader som Aurdalsdammen, Skrukkefyllhaugen, Nevlingdammen, Amundheimen og Vassfarplassen. På denne turen besøkjer vi også Vassfarplassen Vi syklar langs mange innsjøar m.a. Aurdalsfjorden, Nevlingen, Nedre og Øvre Grunntjern. Her har vi ein lengre pause før vi syklar same vegen tilbake.
Vegen vi skal sykla på, er grusveg, dels god skogsbilveg og god skogsveg.
Traseen vekslar mellom lange flate parti, slake stigningar, og ein del bratte, men ikkje for lange kneikar.
Frammøte ved tidlegare Shell på Fagernes kl. 09.00. Vi køyrer bil via Bagn, Tollefsrud, over til Hedalen og ned til Øvre Fossholt. Der frå tar vi bomveg (kortautomat) inn i Vassfaret til Aurdalsetra. Det er ca. 90 km frå Fagernes.
Dei som ønskjer å slutta seg til sør for Fagernes, melder frå om det når dei melder seg på.
Påmelding til Bjørn Vegard Johnsen digitalt eller på sms på tlf. 48142002 seinast 19.07.26 kl. 18.00. NB! Det må vera påmeldt minst 2 deltakarar for at vi gjennomfører turen.
Utstyr deg for ein lang dag ute. Hugs sykkelhjelm, refleksvest, lappesaker og sykkelpumpe. Ha gjerne med ekstra sykkelslange. Det gjer det raskare å reparera sykkelen dersom du punkterer. Ta med godt med mat og drikke. Du syklar på eige ansvar, men vi turleiarar vil gjera turen så trygg som mogeleg,
Det er til vanleg lite biltrafikk på denne ruta, kanskje mest tømmerbilar. Det er ein del bratte utforbakkar. Det er difor svært viktig at vi held god avstand slik at vi kan stoppa på kort varsel. Vi syklar på grusveg på heile turen og må vera særleg forsiktig dersom det er laus grus, spesielt på vegkanten. Turleiar kjem til å informera om dette ved turstart og under vegs. Det er viktig med sykkelhjelm og refleksvest. Vi er to turleiarar, ein framme og ein bak for å halda gruppa samla og for å auka tryggleiken til gruppa.
Turleder 1 | Bjørn Vegard Johnsen | 48142002 | bjorn.vegard.johnsen@gmail.com |
Turleder 2 | Gunnar Modén |
|
|
Blir veret for dårleg, kan turen bli avkorta, utsett eller avlyst.
Høgdeskilnader: ca. 200 m ein veg. Kart: Sør-Valdres Turkart 1: 50 000 DNT UGLAND IT