Avreise frå Os Næringspark kl. 08:45. Ferje til Sandvikvåg kl. 09:00
Middels krevjande fottur.
Siggjo har gjennom alle tider vore eit viktig innseglingsmerke som ein kan sjå langt til havs. Fjellet er eit populært turmål, og mange tusen besøkjer det vart år.
Turleiaren vår, Hans Olav, er frå Bømlo, og vil guide oss både opp og ned, er lokalkjent,.
Toppen er 398 moh og turen byrjar frå parkeringsplassen på godt merka sti. Vi føl så ein traktorveg, og deretrtrer sharpatrapper heile vegen til topps.
Ei framifrå utsikt ventar oss dersom veret er fint.
I lange tider har Siggjo vore vermerke og vervarsel:
Tek Siggjo på seg hatten, er det varsel om vatten
Tek Siggjo på seg kåpa, på godver kan du ikkje håpa
Tek Siggjo på seg beltet sitt, vert det sol, men det skyar litt
Står Siggjo naken og klår, er det om godver ho spår.