Go Norsk Friluftsliv to main content
11. sep. 2025

To fotturar på ein dag - Valdresflye og Maurvangen

Mer informasjon
To fotturar på ein dag - Valdresflye og Maurvangen
IconSted
Icon Tid
Kl. 10.30 - 17.00
Icon Arrangør
DNT Valdres
Icon Kontaktperson

Bli med på 2  turar i området Valdresflye og Sjodalen

 I dette området er det mange korte turar som kvar for seg er så korte at mange tykkjer det er for langt å køyra dit berre for ein slik tur.   Difor inviterer vi til ein lengre dagstur med 2 slike turmål.

Turmål 1: Fisketjednsnuten. Vi parker ved kafeen Flye 1389. Turen er ca 4 km lang dersom vi går ein liten runde på toppen 1527 moh. Elles er den ca 3 km dersom vi går rett opp og rett ned att. Frå toppen er det ein fantastisk utsikt ned i Heimdalen og til dei næraste toppane i Jotunheimen. Høgdeskilnaden på turen er 138 m, men er likevel ikkje særleg tung.

Turmål 2: Frå Maurvangen til Sikkilsdalsskaret. Vi parkerer ved campingplassen på Maurvangen Denne turen er lettgått og er ca. 9 km t/r. Den følgjer DNT-stigen som går over Sikkildalshøa, men tar av frå denne før stigninga opp til høa startar og går fram skaret der det er flott utsyn ned i den kjende Sikkilsdalen. Vi går same vegen tilbake.

Frammøte på Shell på Fagernes kl. 09.30. Dei som ønskjer å møta nord for Fagernes, avtalar det med turleiar når dei melder seg på turen.  Vi legg opp til samkøyring  .

Dei to turane er til saman ca. 13 km lange og går for det meste på stig. Ned frå Fisketjednsnuten er det svært lett å gå utanfor stigen tilbake. Det er mogeleg å kjøpa mat både på Flye 1389 og på Maurvangen, men ta likevel med rikeleg med drikke og niste. Kle deg for ein lang dag i fjellet.

Du går på eige ansvar. Vi turleiarar vil leggja til rette slik at turen blir så trygg og hyggeleg som mogeleg.

Kart: Jotunheimen Aust Norge-serien 1:50 000 

Du kan melda deg på digitalt via eller på sms til Bjørn Vegard Johnsen tlf. 48142002 

Turleder 1

Bjørn Vegard Johnsen

48142002

Turleder 2

Ester Christensen

91818842

 

Navn

Telefon

Icon Oppmøtested