Å kunne gå frå fjorden gjennom frodige lier og deretter over ein isbre er ei spesiell oppleving som har fasinert tilreisande til Vestlandet i lange tider.
På denne turen går vi den historiske Turistvegen over Folgefonna, som har si historie tilbake til midten av 1800-talet då turister særleg frå Tyskland og England valfarta til Hardanger for å oppleve fjell, fjord og isbrear. Den gongen vart det bygd ridestiar som frakta turistane opp til Folgefonna på begge sider - både fra Odda og Sunndal. Vi følgjer den historiske ruta og vi vil oppleve den same mektige naturen som fortidens eventyrlystne turistar.
Folgefonna er Norges tredje største isbre og denne turen tek deg rett over Sørfonna. Her er breen på det tjukkaste 400 meter, og høgste punkt ligg 1662 meter over havet.
Oppmøtestad: Sundal hvor fotturen starter. Turlederne kan koordinere samkjøring.
Oppmøtetidspunkt: Laurdag 16. august 2024 kl 10.00
Transport: Vi køyrer privatbilar. Kostnader til bensin, ferje og bompengar fordelast mellom deltakarane i kvar bil. Søndag er det rutebuss fra Odda tilbake til Sunndal der bilene er parkert. Vi forventer å vere tilbake i Knarvik søndag ca kl. 21.00. Reisa fra Knarvik til Sundal tek ca 3 timar.
Skildring av turen:
Laurdag: Frå parkeringsplassen i Sundal går vi først ca 1,5 km på Isvegen, en grusveg som opprinneleg vart laga i samband med at is vart henta frå Bondhusbreen på 1860-talet. Derfrå tek vi av på den historiske Turistevegen som slynger seg oppover den frodige dalen. Etter ca 3 timer kjem vi til Gardshammerstølen som ligg 740 meter over havet. Her tek vi ein lengre pause og nyt utsikta nedover Bondhusdalen og Bondhusvatnet. Vidare går vi oppover mot den ubetjente hytta Breidablik. Der tek vi siste pausen før vi har ein time igjen til Fonnabu.
Fonnabu Turisthytte er ei selvbetjent turisthytte med fleire bygningar som ligg vakkert til ved brekanten 1450 meter over havet. Når vi kjem frem lagar vi ein deilig treretters middag. Er vi heldige får vi også oppleve ein fantastisk solnedgang. Stipulert gangtid er 5 timer, pluss pausar. Turen er på ca 11 km og har 1450 meter med stigning.
Søndag: Vi et tidleg frokost, pakkar sekkane og rydder hytta før vi er klare til å gå seinast kl. 09.00. Breførarer delar ut utstyr og vil gje oss orientering om korleis vi går på bre. Ein treng ikkje ha erfaring med brevandring for å klare denne turen. Over breen går vi i taulag og turen er ca på 5 km og tek ca 3 timar. Vi tek pause ved turisthytta Holmaskjer før vi går nedover først på snøfenner og senare på sti i fruktbare Støladalen. Vidare går vi bratt på god sti nedover mot Tokheim og til busstoppet.
Totalt er turen denne dagen på 13 km og med 1550 hødgemeter ned. Du må altså ha gode knær som toler ei dryg nedstigning.
Heimreise: Vi planlegg å rekke buss fra Odda kl 17.40 tilbake til Sundal og køyre private bilar fra Sundal til Knarvik, der vi ikkje kan forvente å vere framme før kl. 21.00
Distanse/topografi: Turen er cirka 25 kilometer. Totalt 13 timer gangtid fordelt på 2 dagar. 1600 meter stigning.
Mat: Du må ha med niste og drikke til laurdag og energimat som nøtter, kjeks sjokolade og lignande til turen begge dager. Felles middag lørdag og frokost og matpakke søndag lager vi sammen av mat fra hyttens proviantlager. Mat på hytta er inkludert i deltakaravgiften. Hytta har eit utval av langtidsholdbar mat, men brød, ferskvarer og eventuelle anna mat og drikke må du ta med etter ønske.
Utstyr: Se Turlagets utstyrsliste for sommerfjellet Husk gode solbriller og hansker! Vandrestaver kan også være ein fordel å ta med for å avlaste knær og gje støtte på snø og is. Anna utstyr til å gå på breen vert delt ut av breførar.
Pris: Kr. 1.990- for medlemar, kr. 2.600,- for ikkje-medlemar. Meld deg inn her dersom du ikkje er medlem . Prisen inkluderar turleiing, breføring, overnatting og mat på Fonnabu. Turdeltakarane må ta med niste til laurdag, og brødmat til søndag. Bussreise og ferje/ båt betalast av kvar eiinskild deltaker. Sikkerhetsutstyr koordinerast av turleiar.
Avmelding t.o.m 20. juli gir 100% refusjon av deltakeravgiften med fradrag for et bankgebyr. . Ved avmelding fra 21 juli t.o.m 5. august refunderes 50 % av deltakeravgiften med fradrag for bankgebyr. Ved avmelding senere, eller hvis den påmeldte ikke møter ved avreise, blir deltakeravgiften ikke refundert. Deltaker må selv sørge for avbestillingsforsikring, gjennom reiseforsikring eller kortselskap. Denne gjelder ved sykdom eller andre årsaker som forhindrer deltakelse. Avmelding skal meldes til e-post nordhordland.turlag@dnt.no.
Kart: Folgefonna? 1: 50 000. Kartet og anna turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken . Rabattert pris for medlemar.
Turleiarer: Erik Johannessen og Dan Sørheim