Go Norsk Friluftsliv to main content
30. Oct 2025

Torsdagsklatring med DNT Fjellsport

Mer informasjon
Torsdagsklatring med DNT Fjellsport
IconSted
Volda
Icon Tid
Kl. 18.00 - 20.00
Icon Arrangør
DNT Sunnmøre
Icon Kontaktperson

Bli med DNT Fjellsport på torsdagsklatring!

Torsdagsklatring er eit sosialt tilbod for å klatra i lag. Målet med denne klatringa er å få ei god økt, men også at du kan finna likesinna klatrarar og fjellsportinteresserte. Som oftest klatrar me inne i Ørstahallen/Voldahallen, men er det fint vêr klatrar me ute på dei ulike lokale klatrefelta, som Gamle Øvstefeltet, Kyrkjesteinen, Nye Øvstefeltet, osv. Her er både nybegynnere og viderekomne velkommen til å vera med. Det vil vera 1-2 frivillige fra DNT Sunnmøre som er til stade under klatringa for å fasilitera for det sosiale og knyta deg til andre klatreinteresserte i DNT-miljøet. Me er disponible for rettleiing og utlån av utstyr, men driv ikkje kursing og alle er ansvarleg for eigen kompetanse, tryggleik og utstyr.

Du må kunne klatra sjølvstendig og anten ha topptaukort eller brattkort for å klatra på tau. 

Tidsrom og stad: Kvar torsdag i Klatrehallen i Ørsta klokka 1800 – 20.00. Ved godt vær blir det også tilbud om uteklatring. Me tar kontakt med dei som er påmelde. Er du usikker kan du senda melding til aktivitetsleiar, så får du svar. 

Pris: Utandørs klatring er gratis. DNT-medlem får studentpris på innandørsklatring som ein betaler i klatrehallen (60,- for drop-in, og eventuelt 50,- for utstyrsleige). 

Ta med: Dersom du har eige utstyr er det fint om du stiller med det, men det er også mogeleg å låna eller leiga i klatrehallen når me klatrar inne. DNT har nokre tau til utlån ved behov når me klatrar ute. Når me drar ut for å klatra på lokale klatrefelt må du stilla med alt utstyr selv, og eventuelt koordinera deg med dei andre som er med på klatringa. 

Aktivitetsleiar: Sondre (92892081). Ta kontakt om du har spørsmål!

Du må ikkje vera medlem av DNT for å bli med på dette, men dersom du er medlem er det ei rekke andre medlemstilbod du kan benytta deg av. 

Dei som har topptaukort og/eller brattkort skal kjenne til ansvarserklæringa som gjeld for god klatreskikk og trygg klatring: https://klatring.no/ansvarserklaering


Medlemar i DNT støttar si lokale foreining i drift av hytter, ruter og aktivitetar for dei aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Norge, på aktivitetar og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 4 gongar i året og ei rekke andre medlemsfordelar. Her kan du lesa meir om medlemskap og melde deg inn.

Icon Oppmøtested