Go Norsk Friluftsliv to main content
08. juli 2025

Trekanten i Tafjordfjella

Mer informasjon
Trekanten i Tafjordfjella
IconSted
Fjord
Icon Tid
Icon Arrangør
DNT Sunnmøre
Icon Kontaktperson

Trekanten i Tafjordfjella

Klassikeren trekanten i Tafjordfjella er ein rundtur i fantastisk natur, gjennom gamal furuskog, forbi tjern, over sva, under berg, på smale stier, over ur, opp ur og ned ur, fantastiske lunsjsteder, forbi fiskevatn, demninger og magiske  daler på historisk grunn. Eit fem dager langt eventyr. Opplevense blir alltid kjekkest saman med andre, Tafjordfjella er absolutt verd eit besøk, eg kan love deg at du ønskjer deg tilbake.

Oppmøte: Zakariasdammen, tysdag 8 juli klokka 1500. Vi fordeler felles utstyr og tek eit ferdaråd før vi sett avgarde mot Reindalsseter.

Dag 1 Zakariasdammen - Reindalseter 2 timar

Vi går frå Zakariasdammen og opp til Reindalsseter, det er ein forholdsvis kort og innholdsrik tur med nokon bratte parti på turen oppover til Reindalsseter. "Ein kjem ikje til fjells på flat mark" står det p veit skilt litt oppi den brattanste bakken, det er jammen sant. stigninga er litt bratt, når vi kjem på toppen vert vi belønna med ei fantastisk utsikt, og ei lita pause, før vi tusler bortover til hytta(ca 15-20 minutt) Innkvartering på rom og tid til ein dusj og kanskje ein liten rusletur kring hytta før eller etter middag.

Dag 2 Reindalsseter - Veltdalshytta 4 timar

Vi starter med ein god frukost, smør niste og klar til avgang seinast klokka 0900. I dag skal vi opp gjennom Veltdalen, dette er ein av dei finaste rutene, vi skal gå fra gamal furuskog over berg og myr, idylliske tjern, før vi kjem over på sva, grussti, under berg og over på ein fantastisk lunsjplass før vi setter snuten vidare opp mot svaberg, badevatn og kjem til enden på fremste vatnet, som leder oss bort til hytta. Anten går vi bort til Fielfarehtýtta på vegen, eller vi tek det litt seinare, kanskje nokon ønskjer å overnatte i Fielfarehytta? Dette er ein utruleg flott tur. Kan hende vi får tid til ein liten topptur?

Dag 3 Veltdalshytta - Pyttbua 5 timar

Vi starter dagen med ein god frukost, før vi pakkar og vaskar oss ut av hytta. Prøver å kome avgarde før klokka 1000. Viss det ikkje vart topptur i går, og vêret er fantastisk kan vi ta turen oppom Karitind, viss eim er lysten på ein liten avstikker. Viss ikkje så går vi opp sva, langs bekker og ei brei grunn elv, over i ur og opp til Radiovatnet, som ligg på 1511 mot, høgste punktet på ruta. Lunsjpause er avhengig av kva for veg vi tek. Dette er ein så fin tur, litt mykje ur, så var førebudd på det. Fin ur å gå i. 

Dag 4 Pyttbua - Reindalsseter 6-7 timar

Denne dagen skal vi ut på den lengste etappe, vi skal gå frå Pyttbua og innover i Nøre-Botn, langs eit langt vatn, på lyng, gras og etterkvart ur. det tek omtrent 45-50 minutt heilt inn i botn. når vi kjem inn i botn, skal vi oppover og over Puttskavlen, viss den ligg der då. Her skal vi opp på 1542 mot , før vi skal ned til Isholsvatna og ned i Øvre Reindalen, utrolig frodig og fin dal. Dalen ha fått nye bruer, så det vert ein leik å krysse elevene på veg ned til Reindalsseter. Kanskje vi til og med får sjå Bergfrua på veg ned siste sva på veg ned til Reindalssetra.  her venter dusj, og treretters middag.  Lunsjen tek vi ved øvre reindalsvatnet, kanskje til og med eit bad? 

Dag 5 Reindalsseter - Zakariasdammen 2 timar

Siste dag og turen går ned til bilane. Eit eventyr er over, ein vil tenkjer tilbake på gode historier, kanskje gnagsår, sko som har fått fleire mil i sålen, ein lettare sekk enn då vi starta og minne ri minneboka. Tusen takk for turen og minnene du ga oss.


Pakkeliste for sommerturar kan du bruke som eit utgangspunkt  når du pakker. 

https://www.dnt.no/turtips/turvett/artikler/pakkeliste-for-sommerturen/

Vi vil gå gjennom korleis ein pakker sekken når vi møtast til teammøte før turen. Det er eit ønskje om at sekken ikkje er særleg tyngre enn 12-14 kg. 

Proviant tek vi frå proviantlageret frå hyttene, snacks og annet utanom måltidene betaler ein for sjølv. Middag og dessert. På reindalsseter er det treretters middag dag 1 og dag 4. Du må ta med deg det du ønskjer av snacks og drikke må ein hugse. Vi fyller sjølvsagt i elver undervegs, anna drikke må du vurdere i høve vekt. 

Info Oppmøte klokka 1400 ved Zakariasdammen. Hugs lakenpose, sengetøy eller tynn sovepose. Gje beskjed om allergier, eller andre utfordringar. Last ned appen hyttebetaling viss du ikkje har lasta den ned fra før. Kostnader ved turen er overnatting og proviant på alle hytter, inkl to overnattinger med treretters middag. Anbefaler staver viss du er vant til å gå med det. 

Turleiarar; Rigmor Nekstad (nekstad31@icloud.com) og Linda Olsen

Medlemmer i DNT støtter sin lokale forening i drift av hytter, ruter og aktiviteter for de aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Norge, på aktiviteter og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 5 ganger i året og en rekke andre medlemsfordeler. Her kan du lese mer om medlemskap og melde deg inn.

"Turkatalog2025"

Icon Oppmøtested