På austsida av Dalsfjorden ligg mektige fjelltoppar kring Dalsdalen. Etter at Tussa bygde Fjellvegen i samband med oppdemming av Lijsebøvatnet, har utfarten auka til Lisjebøheida. Her ved Lisjebøvatnet finn du god parkeringsplass, og utganspunkt for turar til m.a. Trollvasstinden og Sandhornet (Blåfjellet). Trollvasstinden 1285 moh.
Dette blir ein middels tung tur, med ei stigning på 670 høgdemeter opp mot toppen, ca. 4 timar frå start og nedatt til bilane. Hund er velkomen på denne turen, men hunden skal vere i bånd og ein skal ta hensyn til både andre folk og andre hundar! Ein må også forsikre seg om at din hund klarer å gå denne turen.
Ruteskildring: Start frå p-plass ved Lisjebøvatnet og gå rett sør forbi ein særs markert morenerygg og opp på Geitemjølkegga. Følg egga vidare til topps.
Oppmøte og parkering: Frå E 39 på Folkestad er det skilta mot Lauvstad (fv. 40). Køyr 12 km. til Dale, og ta av opp gjennom bygda 1,5 km. til skiltet Fjellvegen, som fører opp til Lisjebøvatnet.
Ta med: Ta med drikke, mat, kjeks/frukt. Passande klede etter vêr og forhald, og gode sko.
Pris: Turen er gratis for medlem, og 50 kr for ikkje-medlem. Me oppfordrar alle til å melde seg inn i DNT.
Påmelding: Meld deg på her slik at me veit kven som kjem. Gi beskjed til turleiar direkte ved fråfall. Ta kontakt med turleiar om du har spørsmål om turen.
Turleiar: Thea Cathrin Håskjold, tlf:
Generelt om turen: Me held eit jamnt tempo og tar korte pause undervegs. Turen kan bli endra eller avlyst dersom vêret/forhalda blir for dårlege.
Vilkår for deltakelse på fellesturer: Når du melder deg på denne turen bekrefter du at du har lest og aksepterer vilkårene som er beskrevet i våre generelle vilkår.
Medlemmer i DNT støtter sin lokale forening i drift av hytter, ruter og aktiviteter for de aller fleste. Melder du deg inn, får du rabatt ved overnatting på alle DNT-hytter i Norge, på aktiviteter og i tur- og nettbutikk. Du får også friluftsmagasinet Fjell og Vidde 4 ganger i året og en rekke andre medlemsfordeler. Les mer om medlemskapet på dnt.no.