Go Norsk Friluftsliv to main content
12. aug. 2025

Tur på Galdhøpiggen for ungdom og vaksne

Mer informasjon
Tur på Galdhøpiggen for ungdom og vaksne
IconSted
Lom
Icon Tid
Kl. 09.00 - 16.00
Icon Arrangør
DNT Gudbrandsdalen
Icon Kontaktperson

Er du ny i Gudbrandsdalen og drøymer om ein tur på Galdhøpiggen? Kanskje du har budd her heile livet og aldri teke turen til toppen av Noreg? Eller kanskje det rett og slett berre tek til å bli mange år sidan sist?


12. august inviterar DNT Gudbrandsdalen ungdom og vaksne frå heile Gudbrandsdalen til fellestur på Noregs tak. Turen går i rulletempo og våre lokalkjente turleiarar fortel gjerne om det vi har rundt oss, historia, landskapet og utviklinga av området sidan fjellturismen starta opp fyrst på 1800-talet.


Turen starter frå Juvasshytta, 1840 moh Frå her er det er 5,5 km og 630 høgdemeter til toppen. Fyrste etappe går om lag 1,5 time i steinur og slakt terreng inn til Styggebreen. Etter ei matpause ved brekanten bitt vi oss i taulag, og brukar om lag ein time over isbreen. Siste og tyngste etappe går opp "Piggeura" som ikkje er så lang, men noko brattare. Totalt reknar vi om lag 7 timar på turen, og det er medrekna gode pauser undervegs.


Denne turen passar for ungdom over 13 år og vaksne. Har du barn under 13 år, har vi familietur 11. august.


Dato: 12. august 2025

Oppmøte: Juvasshytta klokka 09.00

Buss: Buss frå Lom sentrum 07.45 som er på Juvasshytta 08.40Retur med buss til Lom klokka 15.45 eller 17.15.

Bil: Bomveg ved Raubergstueln kr. 150.

Utstyr: Du får nødvendig utstyr for å krysse bre ved start av turen.


Påmeldingsfrist: 1. august på DNT Gudbrandsdalen si nettside. 

Lengde: Totalt 11 km km og 630 høgdemeter

Varigheit: 7-8 timar

Nivå: Ungdom og vaksne

Turleiar: Fyrst og Fremst v/Iver Lund Aakre i samarbeid med Unge Naturtalent frå DNT Gudbrandsdalen


Pris:

Vaksen: 150 kr

Ungdom 13 - 25 år: 100 kr. GRATIS om du er medlem i DNT!


Turen er åpen for alle, men vær eller bli gjerne medlem i DNT Gudbrandsdalen: ?Medlemsfordeler???

Da bidreg du til at vi kan arrangere enda fleire turar og aktivitetar heile året.

Gratis plass: Har du behov for gratis plass og buss frå Lom? Vi har gratis plasser. Send mail til anita.haugen@dnt.no, så ordnar vi det. Du treng ingen søknad eller dokumentasjon.


Pakkeliste:

Forslag til dagstursekk (ca 25-35 liter) og bekledning:

- Gode fjellsko, gjerne med stiv såle og støtte rundt ankel (NB: gummistøvlar, cherrox og joggesko er ikkje å anbefale)

- Ullundertøy innerst

- Vann og vindtett jakke og bukse

- Fleece, evt. dunjakke til å ha i pausane

- Varme vottar/hanskar og lue

- Godt fottøy (ikkje joggesko, menn fjellsko)

- Solbriller og solkrem

- Varm / kald drikke

- Solid nistepakke

- Teip og gnagsårplaster Se mindre

?

Hugs at du kan låne utstyr t.d. på BUA

Icon Oppmøtested