Go Norsk Friluftsliv to main content
23. aug. 2025

Tur til Eidavatn

Mer informasjon
Tur til Eidavatn
IconSted
Hjelmeland
Icon Tid
Icon Arrangør
Stavanger Turistforening
Icon Kontaktperson
Svanhild Hjorteland Gbada
97007636
hjelmeland.turlag@dnt.no

Bli med oss på ein seinsommartur aust i heiå - inn i Lusaheia landskapsvernområde til Eidavatn !

Laurdag 23. aug:  Turen startar frå p-plassen ved Førrevassdammen kl 10.00.  Nokre dagar før har me eit felles planleggingsmøte der me avtaler eventuell samkjøring dit.

Turen startar med å gå over den 1 km lange og prisbelønna betongkonstruksjonen Førrevassdemningen.  Deretter litt på grusveg, før me tar inn på merka sti sørover til Eidavatn turisthytte. Turen går i kupert, blankskurt steinhei. Rundt omkring ligger store og små fjellblokker, og det er smådaler på kryss og tvers. 

Heile turen går mellom 1055 og 1155 moh., men det er likevel 620 m stigning. Turen er ca 14 km og vi reknar ca 7 timer.  Det er deileg å kome fram og få seg eit forfriskande bad i Eidavatnet (som hytta har fått namnet sitt frå) - eller kanskje du vil ha ein liten strekk på terrassen heller ?

Laurdag kveld: Me kokkar ilag, og får til eit triveleg felles middagsmåltid.

Søndag 24. aug:  Same rute heim igjen til P-Plassen ved Førrevassdammen. Stien passerer under Stora Blåfjell som er Hjelmelands høyeste punkt (1254 moh.). Det er vel verdt å ta en avstikker opp til toppen. Me ser kva me får tid til !

Viktig info:  
Det er påmelding på turen og maks 12 deltakarar.  
Me har eit felles planleggingsmøte på Teams nokre dagar før turstart, for ein felles gjennomgang av ruta på kart, utstyrsbehov, opplegg og risikovurdering. 
Det er atterhald om greitt turvêr. 
På planleggingsmøtet ser me på vêrmelding og tek stilling til om turen kan avviklast.

Mat:
Turlaget handlar inn litt til middagsmat som blir fordelt i sekkene ved turstart.  Det er òg proviant på hytta, så me treng ikkje ta med så mykje.   Brødmat og snacks tar den enkelte med sjølv.  

Pris:
Kr 580 for medlem DNT
Kr 780 for ikkje-medlem. 
Prisane inkludere middagsmat, overnatting og turleiing.  
Eventuell samkjøring til Førrevass ordnar ein direkte med sjåføren

Slik blir du medlem i Den norske turistforening.
Her finn du meir info om Hjelmeland turlag.

Turleiarar:  Svanhild Hjorteland Gbada, Nils Egil Hetland og Astrid Rosså - alle frå Hjelmeland turlag.


Påmelding:

Icon Oppmøtested