Go Norsk Friluftsliv to main content
19. juni 2025

Tur til Engjadalen-Narvasete-Flatningane med Luster Gålag

Mer informasjon
Tur til Engjadalen-Narvasete-Flatningane med Luster Gålag
IconSted
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
Luster Turlag
Icon Kontaktperson

Neste og siste tur før sommarferien for Luster Gålag blir i stølsområdet over Gaupne.

Som vanleg startar dei som kjem frå Hafslo i bilar kl. 10 i sentrum.  Kl. 10.15 møtest alle ved Prix i Gaupne og køyrer i færrast mogeleg bilar til Engjadalen.  Øygunn Listou vil ta oss med på ein rundtur innover Engjadalen til vårstølen og DNT-hytta på Navarsete.  Derifrå kryssar me Engjadalselvi og går den T-merkte ruta opp til Flatningane, ein stor og romsleg støl som vart brukt av gardar på Skildheim, Høyheim, Nes og Råum. Nedatt går turen til Vassvollane og bilvegen mot Råum.

Dette er ein tur som med gode pausar vil ta tre til fire timar.

Betaling til sjåfør: frå Hafslo kr. 100 til sjåføren og dei som får skyss frå Gaupne betaler kr. 50.

Kjentkvinne: Øygunn Listou

Ønskjer du å bli medlem av Luster Gålag, så send ein e-post til Stein Bugge Næss: stein.naess@luster-fjordhytter.com

Icon Oppmøtested