Go Norsk Friluftsliv to main content
25. mai 2025

Tur til Fotlandsetre

1000001116
IconSted
Icon Tid
Kl. 12.00 - 23.59
Icon Arrangør
Fotlandvåg grendaråd
Fellestur til Fotlandsetre i Fotlandsvåg (Osterøy) søndag 25. mai Alle er hjartleg velkomen, 0 år til 100 år

Fellestur til Fotlandsetre søndag 25. mai!

Alle er hjartleg velkomen til ein koseleg og sosial turdag på Fotlandsetre søndag 25. mai. Arrangementet er gratis for alle!

Ein går opp til Setra i sitt tempo. Ein kan velgja å gå enten stien eller traktorvegen opp til Fotlandsetre. (Me har merka kva som er kva i løypa). I stien er det lagt ut quiz på vegen opp. Det vert premie på det laget med flest rette svar! 🏆

Det startar på Setre med grilling frå kl. 12:00. Då blir det servert pølser, hamburger, frukt, saft og kaffi🍔🌭☕️

Det kan vera lurt å ha med seg eit sitjeunderlag og/eller campingstol☺️

Om det er nokon som ynskjer vera med, men er usikker på om dei klarar å gå opp? Då kan me vera behjelpeleg med skyss☺️🚜 Gje i så fall beskjed i god tid til tlf. 90 91 67 95 eller på messenger til Fotlandsvåg grendaråd , eller e-post til fotlandsvaag.grendaraad@hotmail.com

Me sjåast på Fotlandsetre!😃

Arr: Fotlandsvåg grendaråd

Icon Oppmøtested
Køyr til sentrum av Fotlandsvåg og køyt til skulen/idrettsbana. Her er det parkeringsplasser og stien byrjar. Ein går e enten skogsvegen til Setra eller traktorvegen opp tek ca 45 til 60 minutt.