Turleiar: Målfrid Sværen
Turomtalen vert publisert og sendt på e-post til gålaget sine medlemar seinast torsdagen før turen er satt opp.
Turane går kvar tysdag frå midt april til midt i oktober, med sommarpause i juli månad. Turane startar kl. 09.30 eller 10.00 ved fastsett oppmøtestad. Oppmøtestaden varierer avhengig av kor turen går, nærare info vert lagt ut på heimesida ei veke før turen.
Sogndal Gålag har turar i alle kommunane som utgjer nye Sogndal kommune. Deltakarane må kunna gå i terreng i to til fem timar. Me stiller med turleiar og lokalkjent på kvar tur. Me lovar deg fine turar i flott terreng! Du vil møte turvener og får godt høve til å røra på musklane. Dersom det blir dårleg vêr, kan det bli endringar - men tur blir det i alle fall!
For meir info sjå: Sogndal Gålag på Facebook eller www.dnt.no/sogndal/gaalag
Meld deg inn i Gålaget ved å sende ein e-post til arnhaus@online.no