Go Norsk Friluftsliv to main content
20. sep. 2025

Tur til Kroken og garden til Ben Ward

Mer informasjon
Tur til Kroken og garden til Ben Ward
IconSted
Kroken
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
Sogndal Turlag
Icon Kontaktperson

Besøk garden til Ben Ward på Kroken

Mange vart imponerte da dei såg episoden frå ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” om engelskmannen Ben Ward som har flytta inn på ein gamal høgdegard på Kroken over Lustrafjorden der han forsøkjer å skape eit liv utanfor  alfaveg. Den 20. september er me så heldige at Ben Ward har invitert Sogndal Turlag på besøk på garden sin der han vil vise fram bustaden sin og fortelje om livet og kvardagen på garden. 

Viss veret tilet det, fyrar Ben opp bålpanna på tunet. Ta med eigen mat du kan grille på bålet.

For å komme os til Sørsida tar vi ferja frå Solvorn til Urnes. 

Nærare informasjon om oppmøte og avreise vert annonsert på Facebook og heimesida i forkant av turen.

Dato: 20. september

Påmelding: Påmelding via heimesida www.dnt.no/sogndal 

Turleiar: Trine Smukkestad Lavik (452 80 863) og Jogscha Abderhalden


Icon Oppmøtested