Go Norsk Friluftsliv to main content
05. Sep 2026

Tur til Rjupetjednet for rullestolbrukarar og fottur for andre med rørslehemming

Mer informasjon
Tur til Rjupetjednet for rullestolbrukarar og fottur for andre med rørslehemming
IconSted
Øystre Slidre
Icon Tid
Kl. 12.00 - 15.00
Icon Arrangør
DNT Valdres
Icon Kontaktperson

Opplev den vakre høgfjellsnaturen ved Rjupetjednet innunder Synshorn. 

Dette er ein tur for rullestolbrukarar og andre med rørslehemming som ønskjer ein triveleg tur i høgfjellet på ein tilrettelagt trilleveg.  

Turen startar ca. 3 km etter Bygdin høgfjellshotell mot Valdresflye og fram til Rjupetjednet. (1211 moh).

Turen er 1 km ein veg og går på ein tilrettelagt grusveg. Vegen er relativt flat med ein svak motbakke. Etter periodar med regn, kan vegen vera litt blaut. For deltakarar med rullestol kan det vera praktisk å ha med seg ein assistent.  Deltakarar som har behov for å ha med assistentar, gjer sjølve avtale med aktuelle assistentar. 

Vi planlegg eit naturstiopplegg med spørsmål langs vegen. Ved Rjupetjednet er det lagt til rette for fiske frå ei lita brygge. Det er også laga ein rasteplass der. Deltakarane er sjølve ansvarlege for eigen tryggleik på turen. Vi er 2 turleiarar som leggja til rette for at turen blir så hyggeleg som mogeleg. Turen er ein fellestur der vi held saman med ei turleiar fremst og ein turleiar bak.

 Ved F 51 er det 2 parkeringsplassar for rullestolbrukarar på oversida av vegen. På nedsida av vegen er det vanlege parkeringplassar. Det er også plass for bilar med rullestolar. Blir det for liten plass, kan «vanlege» bilar parkera lengre nede. Vi legg til rette for å hente dei sjåførane som må parkera der.

Deltakarane må utstyra seg for ein dag i høgfjellet. Det kan vera kaldt og blåsa og regna. Ta med varm drikke og rikeleg med niste.

Dersom veret blir for dårleg, kan turen bli avlyst, flytta til ein annan stad eller utsett til ei anna tid.

Påmelding digitalt eller via sms til turleiar Bjørn Vegard Johnsen på 48142002

 Kart: Turkart Øystre Slidre målestokk 1:50 000. Turvegen er ny og ikkje teikna inn på kartet enno, men på det digitale kartet Norgeskart er den merka som ein vanleg sti.

Turleder 1

Bjørn Vegard Johnsen 

48142002

bjorn.vegard.johnsen@gmail.com

Turleder 2

Ester Christensen

 

 

Icon Oppmøtested