Bømlo Turlag inviterer til ein annerledes tur der me kombinerer turgåing, yoga og meditasjon.
Me har med oss Diana Dimore som er yogainstuktør. Yoga blir for nybegynnere og me prøver oss med ei yoga økt morgon og kveld. Om du ikkje har yogamatte og klossar, er det muligt å låna.
Utsira er ein spennande plass som me ser for oss å utforska denne helga, her er det fleire kjekke turmål.
Me bur på Dnt hytta Nordvikgården og tar turar ut deifrå.
I løpet av helga blir me godt kjente og har det kjekt i lag gjennom felles måltider, matlaging, yoga og turgåing.
Program
Fredag 20. mars: · Avreise med båten frå Garpeskjærkaien i Haugesund kl. 16:15. · Velkommen og yoga · Middag og sosialt
Lørdag 21. mars: · Morgenyoga · Me går Vikingeløypa, tar turen innom Utsira fyr, merkeskogen der Utsira Fuglestasjon ringmerker fuglar og tar lunchen undervegs. · Yoga · Middag og sosialt
Søndag 22.mars: · Morgenyoga · Tur: Trollstigen og Loshytta, lunch undervegs. · Utvask · Retur med båten fra Utsira kl 14.45