Trasè: Odda - Holmaskjer - Fonnabu - Sunndal
Oppmøte: Parkeringsplassen på Tokheim kl. 10:00
Transport: Privat transport til/frå Tokheim. Når det gjeld transport frå Sunndal tilbake til Odda, satsar vi på samkøyring. Har du moglegheit til å stille med bil i Sunndal, set vi pris på om du gir beskjed. Elles må ein ordna transport sjølv.
Turleiar: Denne turen har erfarne turleiarar som guidar deg trygt gjennom heile ruta. Turleiar er Håvard Reinsnos Apold. Håvard er hyttetilsyn på Holmaskjer og turleiar/breførar.
Laurdag: Alle møtest med parkeringsplassen ved båthamna i Odda kl. 10:00. Herfrå følgjer vi Turistvegen over Folgefonna – ei av dei historiske vandrerutene opp til Holmaskjer turisthytte. Dette er dagens mål og ei hytte som høyrer til Odda/Ullensvang Turlag. Her lagar vi eit godt måltid og ladar opp til neste dag. Holmaskjer byr ofte på spektakulære solnedgangar.
Sundag: Vi startar dagen med ein god frukost, smører niste og vaskar oss ut av hytta før vi tek på oss breutstyr og kryssar breen mot Fonnabu. Turen over breen er ei unik oppleving. Etter brekryssinga går vi vidare ned til Sunndal ved Maurangerfjorden i Kvinnherad.
Krav til deltaker:
Dette er ein krevjande tur som krev god fysisk form og uthald. Du må vera van med å gå lange dagsetappar med sekk på 10 kg. Turen er kategorisert som krevjande, med ei total lengd på 26 km og 1837 høgdemeter. Du må gjera deg kjend med våre retningslinjer, vilkår og avbestillingsreglar.
Ved påmelding stadfestar du at du har lese og akseptert vilkåra for fellestur med DNT. Odda/Ullensvang Turlag (OUT) er eit lokallag under BHT og følgjer BHT sine vilkår for turar og arrangement.
Hugs å gi beskjed om allergiar med tanke på mat og eventuelle andre ting vi bør vite om.
Utstyr og mat
På breen kan det vera tøffe forhold, sjølv om sommaren. Du må ha:
Vi viser elles til DNT si pakkliste for sommarturar. Pakk lett og unngå unødvendige ting. Rekn med litt plass i sekken til felles mat som blir fordelt mellom deltakarane. Det kan vera lurt å ta med eiga brødmat – proviantlageret på hytta har berre knekkebrød og havregryn som alternativ.
Laurdag: Ta med god niste og drikke til turen opp. Det er mogleg å fylla vatn på turen opp.
Allergiar: Hugs å gi beskjed om matallergiar eller andre ting vi bør vita om.
Pris: Bindande påmelding innan 17. august.
Medlem: 850 kr
Ikkje medlem: 1850 kr
Avmelding: Avmelding skal skje skriftlig i e-post til odda-ullensvang.turlag@dnt.no
Turpakken inkuderer: Overnatting, turleder, frokost og nista søndag og middag lørdag, samt breføring. Vi gjer oppmerksam på at fyrste dag er det kun middag som er inkluder og siste dag er det kun frokost, niste og termos som er inkludert.
Kjøring med privatbiler eller offentlig transport til og frå oppmøtestad kommer i tillegg.
Antall deltakere: Maks 10 stk (10 deltakere og 2 turleiarar)
Informasjon og eventuelle utfyllende opplysningar vil bli sendt alle deltakere etter at påmeldingsfristen er gått ut. Ta kontakt med turleder om du har spørsmål til turen.
Vi tar forbehold om vær og føre. Vi er helt avhengig av at været er med oss for å gjennomføre turen. Grunna tøffe værforhold på breen kan turen bli avlyst på kort varsel.