Vi startar frå rundkøyringa i Eidesjøen og går opp til aktivitetsområdet på kanten ovanfor fylkesvegen og vidare mot sør. Etter å ha passert tre steinhus, kryssar vi over elva som går ned i Årvika. Vi følgjer merka sti søraustover forbi Djupeskarvatnet og over Vollane. Vi går så bratt oppover til Blåfjellet og Stolåsen. Frå Stolåsen går vi nedatt mot Engjamyra og Randifjellet. Derifrå går vi ned til Vorland/Haugeheim. Det kan vera ein del blaute parti, og traseen kan bli justert etter kor mykje nedbør det har vore det siste tida.