Tysdagstur – hytte til hytte på Hardangervidda - førebels info
Turen går til Halne fjellhytte for første stopp og overnatting. Vel framme tek vi oss ein tur i området rundt hytta; kanskje inn til Krækkja og tilbake, evt heilt til Fagerheim og så buss/bil tilbake til Halne for god middag og ei natt med god søvn. Neste dag startar med båttur over Halnefjorden. Derifrå går vi merka sti til Raudhelleren for neste overnatting. Dag tre går vi vestover til Stigstuv for ny overnatting. Siste etappe vert turen frå Stigstuv tilbake til Halne der bilane våre ventar på å ta oss heimatt.
Dagsetappane er omlag 5 timar inkl pausar. Terrenget er relativt flatt og lettgått. Framme ved hyttene vil det vere god tid til å utforske områda vi besøkjer.
Turavgifta er ikkje fastsett enno, men inne i denne ligg tre overnattingar på fleirsengsrom på turisthyttene med full pensjon; dvs 3 retters middag, frukost og nistepakke/kaffi eller te på termos. Også båtbilletten over Halnefjorden ligg inne i turavgifta.
Du må ha med lakenpose/sengetøy til bruk på hyttene, klede (varme, vass- og vindtett), solide sko, vassflaske og det du elles treng til personleg stell. Det er alltid lurt å ha med litt ekstra med nøtter/sjokolade og enkelt førstehjelpsutstyr slik som plaster/støttebandasje/smertestillande. Turleiarane har med førstehjelpspakke.
Du bør også ha med niste til dag ein.
Turleiarar er Liv Tefre og Ingebjørg Erikstad.
Vi satsar på samkøyring i privatbilar, og deler på utgiftene etter nærare avtale. Vi køyrer frå Førde kl 08.00 over Gaularfjellet og Vikafjellet til Voss. Derifrå går turen over Hardangerfjorden til Eidfjord og opp Måbødalen til Halne. Vi reknar omlag +/- 6 timar på turen, avhengig av pausar undervegs. Heimturen går same vegen, ev til Gol og over Hemsedalsfjellet.