Go Norsk Friluftsliv to main content
25. Nov 2025

Tysdagstur i Nordheiaområdet

Mer informasjon
Tysdagstur i Nordheiaområdet
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 10.00 - 14.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Denne dagen går vi ein tur i Nordheiaområdet. Vi går stien opp til varden, og ut til Sunnfjordbenken. Derifrå går vi på sti rett nordover og ned på Juviknipa med utsikt til Kråkeneset og rett over fjorden til Naustdal sentrum. Derifrå går vi rett austover og tek oss etter kvart skrålies oppover til vi er oppe i stien ved varden att. Så ned att til parkeringsplassen. Det kan vere lurt å ha broddar tilgjengeleg i tursekken. 

Turen er 7-8 km, og kategorisert som middels. 

Turleiar er Ingebjørg Erikstad

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

 IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn. 

Icon Oppmøtested