Vi går ein tur i nærområdet i Førde, mest truleg ein tur på grusveg. Endeleg tur/turmål vert bestemt når dagen nærmar seg. Det kan vere lurt å finne fram broddar og ha desse tilgjengeleg i tursekken.
Turleiar er Edith Falkenstein.
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.