Orkja er det markante fjellet på sørsida av Jølstravatnet. Vi startar turen frå grushola i aust på vegen opp til Dvergsdalsdalen og går bratt opp til varden på 948 moh. Omlag 500 høgdemeter fordelt på omlag 2 km tilseier at dette er eit bratt parti. Terrenget vekslar mellom myr, lyng og skog. Vi går roleg, og vil rekne omlag 2,5 timar opp til varden. VI får flott utsikt på toppen! Frå varden går vi på god sti vestover fjellet i kupert terreng. Nedatt kan det vere tidvis våt myr og litt bratt. Vi kjem ned til toppturparkeringa i vest. Turen er omtalt i Opptur Sunnfjord s 152 (tur 36); då frå vest mot aust. I Opptur Indre Sunnfjord er turen frå aust til varden omtalt s 264 (tur 11-06) og frå vest til varden på s 262 (tur 11-05).
Turen er vurdert som krevande grunna den bratte oppstiginga, og samla lengde (6-7 km). Solide sko er ein god fordel, og stavar kan vere til god nytte om du brukar det.
Turleiar er Ingebjørg Erikstad
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.