Go Norsk Friluftsliv to main content
09. Jun 2026

Tysdagstur på Gygra (Vassenden)

Mer informasjon
Tysdagstur på Gygra (Vassenden)
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Gygra er eit flott utsiktspunkt på vegen til Tindefjellet på Vassenden. Turen startar ved toppturparkeringa mellom Støylen og Berg (Svidalen). Stien startar på sørsida av Svidalselva og går i vestleg retning langs elva og opp gjennom granfeltet. Etter kvart kjem vi opp i ope, myrlendt beiteterreng, der stien dreiar mot ryggen i sørvestleg retning. Etterkvart som vi nærmar oss ryggen og Gygra, vert terrenget tørrare og meir lettgått. Frå utsiktspunktet Gygra har vi flott utsikt over vestre del av Jølster. Omlag 400 høgdemeter og 2 km kvar veg. Middels tung tur.

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn. 

Foto: Anne Cecilie Kapstad

Icon Oppmøtested