Nesstøylen er ein støyl i Haukedalen som ligg omlag 600 moh med fin utsikt over Haukedlsvatnet. Det går traktorveg/grusveg frå Nes og opp til stølen. Traktorvegen er grei å følgje, men har nokre bratte "kneikar".
Frå parkering og opp til Nesstølen er det om lag 1,8 km og 350 høgdemeter.
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.