Go Norsk Friluftsliv to main content
16. Sep 2025

Tysdagstur til Blåfjellet i Askvoll

Mer informasjon
Tysdagstur til Blåfjellet i Askvoll
IconSted
Askvoll
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Blåfjellet rett bak sentrum i Askvoll er 533 m høgt og tilbyr ei panoramautsikt! VI startar å gå frå parkeringsplass ovanfor kyrkja, og går først på grusveg innover dalen langs Askelva. Over på stien går vi første stykket gjennom skog før vi kjem litt opp i høgda og over skogen. God sti og merking heile vegen, men noko våte parti innimellom. Oppe ved varden får vi flott utsikt. Turen er omtalt i Opptur s 76 (tur 16). 

Turleiar er John Lien og Svein Ove Osland.

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn. 

Icon Oppmøtested