Go Norsk Friluftsliv to main content
30. Jun 2026

Tysdagstur til Blåfjellet (Naustdal)

Mer informasjon
Tysdagstur til Blåfjellet (Naustdal)
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 10.00 - 16.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag

Blåfjellet (791 moh) ligg vest for Naustdal. Omlag 4 km vest for Naustdal sentrum tek vi av på kommunal veg opp til Øvrebø/Bunnestølen. Vi set bilane på parkeringsplass der og tek fatt på turen, først i slak stiging på skogsveg så over på sti opp til vatnet ved Frammarsvikstølen. Her svingar stien vestover, og vi går i jamn stiging opp til Blåfjellet der vi har ei flott utsikt over Håsteinen og øyane og havet i vest og Heilefjellet med Blægja i sør. 

Turen er omlag 11 km tur/retur, og har ei stiging på omlag 520 m. Sjølv om det er ein lamg tur, er det relativt lett terreng å gå i.

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn. 

Icon Oppmøtested