Go Norsk Friluftsliv to main content
27. Oct 2026

Tysdagstur til Botnastøylen i Angedalen

Mer informasjon
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 10.00 - 14.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag

Turen til Botnastøylen i Angedalen startar ved parkeringsplassen i Botnen. Vi går grusveg inn til Botnavatnet, deretter vidare på vegen langs vatnet inn til støylen med retur same vegen, ev at vi går på andre sida av elva tilbake. Turen er omlag 9 km tur/retur, og lettgått (ei bratt kneik opp Vassbrekka). 

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn. 


Icon Oppmøtested