Drøsinga 1086 moh. med sin karakteristiske profil er steil og utilgjengeleg frå nord, men grei å nå frå sør (Gulefjellet) slik denne turen legg opp til. Toppen er ein av 11 toppar i fjelltrimmen i Holsen.
Turleiar møter turfølgjet ved Holsen skule for organisering av vidare transport på skogsveg (bomveg) mot Gulefjellet. Frå P-plassen ca 460 moh. følgjer vi enkel lokal merking det meste av rundturen. Ved fjellfoten får vi eit kort «klyveparti på alle fire i «Trippet», men vi er snart over skoggrensa. Det går bratt oppover i sakte tempo, og vi passerer den spesielle flyttblokka «Mannen». Deretter går det lett på berg mot varden på 1086 moh. med flott utsikt til bygdene rundt. Vi returnerer via Manneskaret med svaberg som ikkje kan vere våte. Siste etappe til stølen på Gulefjellet følgjer enkel sti, men det kan vere litt vått i myrane. Frå stølen er det kort stølsveg tilbake til bilane. Samla turtid på rundturen frå/til parkeringsplassen er 4-5 timar. I tilfelle regn og våte berg blir turen avlyst/utsett, eller vi kan velje alternativ rute til nabotoppen Setelifjellet 973 moh. Følg meg på oppdatert info. heilt inntil turdato.
Turleiar er Atle Holsen
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.